Å lære å leve med implantert hjartestartar

– Det aller beste er å treffe andre som er i same situasjon. Det seier Erik Olav Hagen som har vore med på kurset på Haukeland om korleis det er å leve med ICD (implantert hjertestartar).

 
ICD er ein hjartestartar som blir operert inn under kragebeinet eller under brystmuskelen. Meininga med hjartestartaren er å bryte av ein for rask eller uregelmessig hjarterytme med elektriske impulsar (antitakycardipacing - ATP), eller dersom det ikkje fører til mål gir hjartestartaren eit kraftig elektrisk støyt (innslag) slik at hjarta slår om til normal hjarterytme.

 
Det første vil ICD-bæraren ikkje merke noko særskilt til, mens innslaget kan opplevast som ubehageleg. ICD’en er livreddande behandling.

 
 

 

Kurs - korleis leve med hjartestartar?

Kursa som foregår på Lærings- og meistringssenteret på Haukeland er eit samarbeid med Hjarteavdelinga ved sjukehuset, og Landsforeningen for hjerte og lungesjuke (LHL), ICD gruppa.

 
Haugen fekk operert inn hjartestartar etter å ha hatt eit hjarteinfakt under ein ferietur til USA. I to år har 47-åringen frå Sogn og Fjordane levd med den elektroniske boksen i brystet. Han fortel at det er vanleg å slite psykisk etter operasjonen.

 
– Mange er engstelege for å gå rundt med noko kunstig i kroppen. I tillegg veit vi jo at hensikta med boksen er å gi deg eit kraftig støyt om hjarta sviktar – og dette er det mange som er usikre på korleis fungerer, om det vil gjere vondt eller vere ubehageleg, seier han.

 
– Spesielt derfor er desse kursa veldig fine. Det gjev kunnskap, som igjen kan gi ro og tryggheit, seier han vidare.

 

 
​Reidun Eide frå LHL i aksjon under kurset.

 
 

 

Gode tilbakemeldingar

Å takle denne frykta og å møte andre i same situasjon er blant hovedfunksjonane til opplæringsprogrammet på Haukeland. I tillegg får deltakarene kunnskap om hjartesjukdom og behandling, og dei får råd om korleis ein sjølv kan få til livsstilsendringar.

 
– Vi arrangerte dette kurset for første gang i mai 2015 og har fått svært gode tilbakemeldingar, seier Tone M Norekvål som har vore sentral i utviklinga av opplæringsprogrammet.​

 

 

Tone M. Norekvål ved Hjarteavdelinga på Haukeland leiar kursa for ICD-bærarar og deira pårørande.


– Evalueringane av kursa er svært god, og vi opplever at deltakarane synes dette er nyttig. Kursa er tverrfaglege der både hjartespesialistar, sjukepleiarar og fysioterapeut bidreg.

Programmet har høg fagkompetanse å vise til. Hjartespesialistane som underviser har lang erfaring og er også dei som opererer inn ICD'en. 

Dertil er samarbeidet med LHL viktig for å sikre brukarmedverknad i kursinnhaldet. Nøkkelen ligg i formidling av faktainformasjon, erhverving av meir kunnskap og å møte andre menneske i same situasjon.

 

Møter andre i same situasjon

Haugen fortel at han har hatt svært god nytte av kurset på Haukeland.

– Breidden i undervisninga er veldig god. Du får informasjon om korleis du best mogeleg kan leve med sjukdommen. Men det aller viktigaste er gjerne å møte andre som er i same situasjon. Her er det menneske av alle slag og med all typar bakgrunnar. Men vi har ein ting felles, og det er at vi har ein hjartestartar i brystet. Det gjer at vi har noko til felles og kan lære av kvarandre.

Kurset har vore arrangert fleire gonger allerede og nye kurs kjem stadig til. Informasjon om nye kurs finn du på nettsidene til Lærings- og meistringssenteret på Haukeland.

Hugs at du må ha tilvising frå lege for å kunne delta – enten frå fastlege eller frå legen du er til kontroll hjå ved Hjarteavdelinga.

Pårørande er hjarteleg velkommen til å delta. Reise og opphald vert dekka etter gjeldande reglar. Ein betalar eigenandel som ved annan poliklinisk konsultasjon ved sjukehuset.

 

Vil du vite meir?