HELSENORGE

60 koronavirusprøvar med feil svar

Mikrobiologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus oppdaga laurdag at to analysebrett med prøvar sendt frå Bergen legevakt torsdag var blitt bytta om. Til saman 188 prøvar måtte difor bli analysert på nytt.

 Alle prøvane er henta fram og analysert på nytt. Ved ny analyse fann vi at 30 prøvar som vart besvart som koronapositive eigentleg var negative for korona, og at 30 prøvar som vart besvart som negative eigentleg var positive for korona, seier avdelingssjef for mikrobiologisk avdeling, Elling Ulvestad.

Dei 30 prøvane som etter reanalyse vart besvart som positive, er enno ikkje undersøkt for omikron-varianten. Korrekt prøvesvar er sendt tilbake til Bergen kommune sitt smittesporingsteam, som i løpet av dagen varslar dei personane det gjeld. Smittesporingsteamet har stort arbeidspress og innbyggjarar blir oppfordra til ​​ikkje å ringe dei for å sjekke om dei er ramma av feilen. Alle berørte vil bli kontakta direkte.​

- Feilen vart oppdaga då laboratoriet etter testing skulle utføre variantanalyse av dei positive prøvane. Arbeidsprosessen som førte til forbyttinga er identifisert, og korrigerande tiltak blir iverksett no for å forebygge at dette skal skje igjen. Vi beklagar sterkt ulempene dei feile prøvesvara har fått for pasientar og rekvirentar, seier Ulvestad.

Kontaktperson: Erik Vigander, kommunikasjonsdirektør, 90133771, erik.vigander@helse-bergen.no