4,2 millionar til OCD-behandling

Kavlifondet gir 4,2 millionar kroner for å gjere 4-dagars formatet tilgjengeleg for barn og unge som er ramma av alvorleg angst eller tvangsliding (OCD).

 

 - Dette er ei fantastisk  gåve til barn og unge som har fått livet sett på vent av angst eller tvangslidingar før det har begynt, og der ein kan gjere så utruleg mykje om ein kjem inn med rett hjelp tidleg, seier psykologspesialist Gerd Kvale, leiar av OCD-teamet ved Haukeland universitetssjukehus.
Ho er svært takknemleg for den rause gåva frå Kavlifondet.


4-dagars formatet

Behandlingsmetoden som OCD-teamet i Bergen nyttar er utvikla av  Kvale og psykologkollega Bjarne Hansen.  I løpet av berre 4 dagar blir dei fleste fri frå angst eller tvangslidingar (OCD). Så langt har over 400 pasientar fått slik behandling og også for barn og ungdom er resultata svært gode. Metoden har vekt vesentleg oppsikt også utanfor Noreg.

- Behandlinga er svært etterspurt av pasientar, pårørande og behandlarar, og for vaksne er vi i ferd med å spreie behandlinga nasjonalt og internasjonalt, fortel Kvale.

- Først til pasientar med tvangsliding, og no til pasientar med andre angstlidingar og med depresjon.

-Gåva frå Kavlifondet vil sikre at fleire barne- og ungdomsklinikkar i inn- og utland også kan ta metoden i bruk, seier Kvale.

Les meir om 4-dagars formatet i A-magasinet fredag 17. februar


Dei unges liding

Alvorleg angst kan med rette kallast "dei unges liding". Over halvparten av dei som i løpet av livet blir ramma av angst eller tvangsliding (OCD) utviklar problema i barne- eller ungdomsåra. Halvparten av behandlingstrengande pasientar med angstlidingar blir ramma i tenåra, og meir enn 75 prosent før dei fyller 25 år.
 
Gjennom dagens metodar strekker behandlinga seg vanlegvis over fleire månader og ein betydeleg del av pasientane klarer ikkje å fullføre eller opplever avgrensa nytte av slik behandling.

- Utan riktig behandling blir lidinga ofte kronisk, med omfattande funksjonsnedsetting som gjennomsyrer kvardagen, seier Kvale.

- Dette blir blant anna reflektert i at pasientar med angstlidingar er overrepresentert i det aukande talet unge som blir uføretrygda i Noreg.
Det er typisk at dette ikkje berre rammar den einskilde, men også familie og nettverk. Lidingane utgjer til saman med depresjonar dei hyppigaste og mest ressurskrevjande lidingane i den polikliniske spesialisthelsetenesta, og dei menneskelege og sosioøkonomiske gevinstane for kvar einaste som kan hjelpast er enorme.

Rask utvikling

På mindre enn 4 år har OCD-teamet vakse frå idé, til innovasjon, til dokumentasjon - og så til forskingsfront.

- No er vi klare til å gjere det same for barn og unge, som er dei som treng det mest, seier Kvale.

- For å gjere dette er utfordringa at  vi må vere entreprenørar på tvers av helseføretak; vi må bygge infrastruktur og rigge for varig drift - og for konkurranse om forskingsmiddel.

Takka vere middel frå Kavlifondet kan OCD-teamet no starte dette arbeidet. I løpet av dei neste to åra er målsettinga at team i alle helseføretaka skal kunne tilby 4-dagars formatet for barn og unge. Først for OCD, men også for andre angstlidingar.

-  I tillegg har vi ambisjonar om å bygge opp 4-dagars team for barn og unge i Sverige, fortel Kvale.
 

Meir om OCD-behandling:

Då verksam behandling for tvangslidingar blei utvikla på 60-talet var det ein liten revolusjon: Pasientar som fagfolk tidlegare sto hjelpelause overfor, kunne få tilbake livet sitt. Etter to-tre månader på sjukehus etterfølgt av 1-2 år med polikliniske samtalar kvar veke kunne om lag 60 prosent vente ei klinisk relevant betring. Sterkt forankra i denne tilnærminga har Gerd Kvale og Bjarne Hansen utvikla ei behandling der den same pasientgruppa blir frisk på fire påfølgande dagar.