HELSENORGE

311 pasientar råka av streiken så langt

Det samla talet på avlyste operasjonar og polikliniske konsultasjonar i samband med streiken blant Akademikarane på Haukeland universitetssjukehus, var 311 måndag 19. september.

​Fordelinga av dei avlyste pasientmøta er 65 operasjonar og 246 polikliniske konsultasjonar. Måndag varsla Akademikarane at 13 nye blir tatt ut i streik fredag 23. september. Åtte av desse er psykologar, fem er legar i leiande stillingar på nivå 2.


Administrerande direktør Eivind Hansen beklagar at mange pasientar no ikkje får den behandlinga dei har venta på.

- Så langt har det ikkje har oppstått situasjonar som trugar liv og helse, men det er sjølvsagt likevel svært uheldig for dei som blir råka. Vi jobbar intenst for å sikre at vi omprioriterer innanfor dei rammene vi har slik at streiken får minst mogleg konsekvensar for pasientane. Vårt mål er å få til best mogleg pasientbehandling og langsiktig perspektiv på planlegginga, seier Hansen.

Totalt er no 61 medlemmer i Akademikarane tatt ut i streik ved Haukeland universitetssjukehus.

N​yheiter om streiken:

 

311 pasientar råka av streiken så langthttps://helse-bergen.no/nyheiter/311-pasientar-raka-av-streiken-sa-langt311 pasientar råka av streiken så langtDet samla talet på avlyste operasjonar og polikliniske konsultasjonar i samband med streiken blant Akademikarane på Haukeland universitetssjukehus, var 311 måndag 19. september. 18.09.2016 22:00:00
Streiken: Status fredag 16. septemberhttps://helse-bergen.no/nyheiter/streiken-status-fredag-16-septemberStreiken: Status fredag 16. septemberI dag har ytterlegare 19 tilsette i Helse Bergen blitt tatt ut i streik, alle legar. Frå før av er 29 tilsette tatt ut i streik. 15.09.2016 22:00:00
Streiken: Varsel om opptrappinghttps://helse-bergen.no/nyheiter/streiken-varsel-om-opptrappingStreiken: Varsel om opptrappingHelse Bergen har måndag motteke varsel om at ytterlegare 19 tilsette blir tatt ut i streik frå fredag av, alle legar. 14.09.2016 22:00:00
Streiken: Pasientar møter som avtalt med mindre dei får beskjed om noko annahttps://helse-bergen.no/nyheiter/streiken-pasientar-moter-som-avtalt-med-mindre-dei-far-beskjed-om-noko-annaStreiken: Pasientar møter som avtalt med mindre dei får beskjed om noko anna29 medlemmar i Akademikerne er tatt ut i streik i Helse Bergen frå onsdag morgen. Det omfattar 25 legar og 4 frå andre yrkesgrupper. Pasientar møter til time som avtalt med mindre dei får beskjed om noko anna.08.09.2016 22:00:00