30 år med strålekniv

Haukeland var det første sjukehuset i Noreg og det sjette sjukehuset i verda som fekk strålekniv. No feirar strålekniven 30 år med behandling.

Haukeland universitetssjukehus var det første sjukehuset i landet som behandla pasientar med såkalla stereotaktisk strålebehandling av sjukdommar i hjernen, og har derfor lang erfaring og brei kompetanse på feltet. Tenesta er  i dag Nasjonal behandlingsteneste i strålekniv, og behandlar årleg om lag 450 pasientar frå heile landet – dei siste åra med 18 prosent auke kvart år. 

30-års jubileet vart feira med seminar i Bikuben torsdag.

30-års jubileet vart feira med seminar i bikuben fredag.

Strålekniven blir brukt til å behandle svulstar og enkelte andre sjukdommar i hjernen. Det blir ikkje brukt kniv i ordets rette forstand, men i staden blir svært presise strålar med høg dose retta mot behandlingsområdet. Metoden gjer det enklare å behandle små område djupt inne i hjernen, utan å skade det friske vevet som ligg rundt. Strålebehandlinga har til hensikt å stanse vekst av svulstar og å lukke karnøster i hjernen.

Det er ikkje nødvendig å åpne kraniet for å utføre behandlinga, men ein må feste ei såkalla stereotaktisk ramme med fire skruer til skallen. Heile behandlinga blir gjennomført i løpet av ein dag, ulikt dei fleste andre typar strålebehandling, som kan gå over fleire veker.

Illustrasjonsbilde av korleis strålekniven verkar.

Illustrasjonsbilde av korleis strålekniven verkar.


Med strålekniv-behandling kan pasienten i dei fleste tilfelle dra heim same dag, eller dagen etter behandling. Behandlingsresultata kan samanliknast med open hjerneoperasjon, men med mykje kortare rekonvalesens og mindre inngripande endringar i kvardagen.


Haukeland starta behandling med strålekniv i 1988. I 2009 vart den første strålekniven avløyst av ein ny og behandlinga ble heilt automatisert. Den nye strålekniven gjorde det mogleg å behandle fleire delar av hjernen, behandlinga tok kortare tid og den førte til mindre stråledosar for pasientane. Det har no kome ein ny modell av strålekniven kor ein også kan behandle utan stereotaktisk ramme, som sjukehuset vurderer å investere i.