24 millionar til ny rusforsking på LAR

I løpet av fire månader har Bergen Addiction Research Group (BAR) ved Avdeling for rusmedisin fått  nesten 24 millionar kroner i forskingsmidlar. Første mål er å utrydde hepatitt C i Bergensområdet.

 

Størstedelen av beløpet, 16,7 millionar kroner, kjem frå Forskingsrådet. I tillegg har Helse Vest løyvd over 7 millionar kroner over tre år. Det er avdelingsdirektør Else-Marie Løberg takknemleg for.


- Dette gir oss moglegheit til å undersøke mange ulike vitskapelege problemstillingar som vil gi direkte klinisk nytte for ei marginalisert gruppe ruspasientar som for få har vore opptatt av tidlegare, seier ho.
Bergens Tidende har også skrive om den nye satsinga


Vil sjå på LAR-pasientar med hepatitt C

I heile Noreg er om lag 20 000 menneske smitta med leverviruset hepatitt C. To tredjedelar har fått sjukdommen gjennom injiserande rusbruk.

- I Bergen har rundt halvparten av dei 1200 pasientane som får oppfølging med legemiddelassistert rehabilitering (LAR) dette viruset, seier Lars Thore Fadnes, leiar for BAR  - Bergen Addiction Research Group.

Les meir om Bergen Addiction Research Group



- I tillegg kjem pasientar i områda rundt Bergen.

I ein fersk, norsk studie vart det funne at berre 14 prosent av dei som mottar legemiddelassistert rehabilitering med kronisk hepatitt C hadde fått behandling for dette.

- Den låge behandlingsgrada i kombinasjon med kor alvorleg virussjukdommen er, er blant rusfagfeltets største utfordringar nasjonalt og internasjonalt, seier Else-Marie Løberg.

Krevjande behandling

For LAR-pasientar over 50 år er leversjukdom ei like viktig dødsårsak som overdose, i tillegg til at hepatitt C forårsakar mange alvorlege helseplager.

- Noko av årsaka til at så få har fått behandling skuldast at mange har hatt vanskar med å følgje opp eit behandlingsopplegg ved sjukehuset, seier Lars Thore Fadnes.

Behandlinga har inntil dei siste 2-3 åra vore krevjande å gjennomføre med ein samanhengande behandlingsperiode på opp mot eitt år, hyppige og til dels alvorlege medikamentbiverknader, og berre rundt 60 prosent er friske etter fullført terapi.

Nye legemiddel

Dei siste åra har utviklinga av nye legemiddel som kurerer hepatitt C-infeksjon i over 90 prosent av tilfella, radikalt endra utsiktene for dei med leverviruset.
- No inneber behandlinga for dei fleste berre ein tablettkur av 8 til 16 vekers varigheit, seier Fadnes.

I ei ny satsing samarbeider BAR ved Avdeling for rusmedisin med Bergen kommune og Medisinsk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Satsinga skal undersøke effekten av integrert behandling av hepatitt C  som ledd i Legemiddelassistert rehabilitering (LAR). Dette skal så samanliknast med standardbehandling ved Medisinsk avdeling.

- Med integrert behandling av hepatitt C saman med LAR, har vi ein unik moglegheit til å kunne få ein kraftig reduksjon i førekomsten av hepatitt C. Dette vil også gjere smitterisikoen vesentleg mindre, og kanskje vil vi praktisk talt kunne utrydde hepatitt C i Bergensområdet i løpet av dei neste 10-15 åra, seier Fadnes.