20 millionar til forsking på 4-dagars behandling av angstlidingar

OCD-teamet ved Haukeland universitetssjukehus har utvikla ei intensiv behandling for tvangslidingar. No har dei fått 20 millionar kroner for å teste ut firedagarsmetoden også på andre angstlidingar.

​Førre veke tildelte dei regionale helseføretaka 120 millionar kroner til sju ulike forskingsprosjekt ulike stader i landet gjennom Program for klinisk behandlingsforskning (KLINBEFORSK). 20 av desse millionane havnar hos OCD-teamet i Bergen.

- Dette er ei fantastisk gledeleg tildeling som gjer at vi kan nå ut til endå fleire pasientar med denne konsentrerte behandlinga. Prosjektet byggjer på det arbeidet vi har gjort med tvangslidingar, og vil bli leia frå oss, seier professor Gerd Kvale som er leiar for OCD-teamet ved Haukeland.


Får hjelp på fire dagar

OCD-teamet har utvikla eit konsentrert format for behandling av tvangslidingar (Obsessive Compulsive Disorder), der pasienten får hjelp på berre fire dagar.

Midlane skal brukast til å gjennomføre fem store kontrollerte studiar, der ein samanliknar effekt og kostnadseffekt av 4-dagars behandling med den tradisjonelle behandlinga pasientane får i dag.



Når ut til fleire

Dei pasientgruppene som blir inkluderte i studiane, er vaksne pasientar som har dei vanlegaste angstlidingane (panikkliding, sosial angstliding, generalisert angstliding), samt pasientar med Body Dysmorphic Disorder (BDD), såkalla Dysmorfofobi , der pasientane er sjukeleg opptatte av innbilt eller minimal feil med eigen utsjånad.
- Seinare skal også pasientar med depresjon bli inkluderte i studiane, seier Kvale.

Ho fortel at det er en føresetnad at behandlarane som skal være med i studiane har kompetansen på 4-dagars formatet,  og opplæring er i gang.


Stor interesse

- Med den store interessa som det er frå klinikkar over heile landet for å få til opplæring i 4-dagars behandling, har vi stor tru og håp om at endå fleire klinikkar enn dei som står bak søknaden om forskingsmidlane vil kunne kvalifisere seg til å delta når vi går i gang med studiane, seier Kvale.

Dei som står bak søknaden forutan Haukeland universitetssjukehus er Sørlandet sykehus, Molde sykehus, Nidaros DPS, Finnmarkssykehuset og Angst- og tvangspoliklinikken ved Gaustad.



Du kan lese meir om arbeidet til OCD-teamet i denne saka fra A-magasinet (lesing krev abonnement).

Dagens Medisin har og skrive om tildelinga