20 millionar kroner til forskingsprosjekt ved Kreftavdelinga

- Vi er svært glade for dei moglegheitene denne løyvinga gir oss. Dette er forsking og kompetansebygging som skal legge grunnlag for ei betre pasientbehandling i framtida, seier prosjektleiar Olav Dahl.

 

Bergens forskningsstiftelse (BFS) har løyvt 20 millionar kroner til eit forskingsprosjekt ved Kreftavdelinga på Haukeland universitetssjukehus (HUS), leia av professor Olav Dahl. Prosjektet omhandlar stråling og partikkelterapi som ledd i kompetansebygging og førebuing til å ta i bruk partikkelterapi ved Kreftavdelinga på HUS. I 2013 ga Trond Mohn 250 millionar kroner til førebuing og etablering av partikkelterapi i kreftbehandlinga i Bergen. Pengane som no er løyvt, kjem frå avkastning av desse 250 millionar kronene.

Samarbeider med Tokyo

Prosjektet har tilsett ein stipendiat, doktor Jon Espen Dale. Han analyserer effekten av karbonstråling gitt ved dei to leiande karbonsentera i Tokyo. Desse har 20 års erfaring på dette feltet. Fordelen med karbonstråling er at denne strålekvaliteten sparer normalt vev på ein optimal måte slik som protonstråling, samtidig som det gir ein kraftigare lokal stråleeffekt. Den lokale effekten gjer at det er mogled å kontrollere vevsområda i svulsten kor det er dårlig oksygenering og som fører til tilbakefall etter konvensjonell fotonstråling.

Jaktar djupare innsikt

Når ein gir karbonstråling er det ingen forskjell i strålesensitivtet mellom godt oksygenerte områder og områder med dårlig oksygenering. Det er også andre bilogiske effektar som talar til fordel for karbonstråling. I prosjektet skal det fokuserast særleg på seineffektar etter klinisk bestråling, slik at behandlinga kan gjerast så skånsam som mogleg.

Det andre hovudfokuset i prosjektet er å få djupare innsikt i kva som skjer i tumorcellene når dei blir utsett for stråling. På den måten kan ein utnytte strålinga betre og eventuelt kombinere behandlinga med moderne spesifikke målretta medikament.

Hemmer og stimulerer

Stråling kan både hemme og stimulere kroppens immunforsvar.  Immunresponsar blir utløyst av stråling, og det er mulig at dei mekanismane som blir retta mot tumorcellene kan forsterkast med moderne medikament, slik at effekten av stråling kan forsterkast. 

Dette arbeidet vil skje i Mohn Kreftforskningslaboratorium, tilknytt Kreftavdelinga ved HUS. Arbeidet vil på sikt også innebere at celler eller forsøksdyr blir bestrålt med proton og karbonion, for å få innsikt i verknadsmekanismen for desse strålingstypane.

Om partikkelbehandling

Kvart år får om lag 28 000 nordmenn ein kreftdiagnose. Berekningar viser at om lag 1000 -1500 pasientar, og særlig barn, vil få ei betre behandling og færre biverknadar med partikkelbehandling. I dag må norske pasientar til utlandet for å få partikkelterapi. 

Mange kreftpasientar får i dag behandling ved at røntgenstråling, beståande av foton med veldig høg energi, blir strålt mot svulsten til pasienten. Dette kan i dag gjerast med høg presisjon og med mindre biverknadar på kort sikt enn før. Ulempa er at pasientane kan utvikle langtidsskadar over fleire tiår etter strålinga. Dette kan gi fatale konsekvensar hos nokre pasientar. 

Strålinga betre fordelt

Særlig for dei yngre pasientane, som kan gjerast friske med stråleterapi, er det viktig å gjere desse skadane så små som mogleg.  Om ein i staden strålar med proton, eller tunge partiklar, slik som kjernar frå karbonatom, får ein fordelt strålinga betre. Dette betyr mindre dose stråling til friskt vev og høgare dose til svulsten. Med andre ord, meir presis behandling med mindre fare for seinskadar.