16 personar fekk augeskadar av nyttårsfyrverkeri, 5 alvorlege

Meldar overlege Nils Bull ved Augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus

1. nyttårsdag kvart år samlar Bull inn oversikt over kor mange som er behandla for augeskadar etter nyttårsfeiringa frå sjukehus i heile landet.

Dette er dessverre ei oppgang igjen siden i fjor.

-Fem av dei 16 er alvorleg skadde. Dei 11 andre har augeskadar som er moderat alvorlege. Ingen av dei som er skada rapporterer å ha brukt vernebriller da ulykken skjedde, seier Bull.


12 menn, ein gut, 3 kvinnar og ei jente

- Fem av dei var tilskodare.

- Fire av dei fem alvorlege augeskadane og 5 av dei moderat alvorlege skjedde etter bruk av effektbatteri. Ein av dei alvorlege skadane skjedde med bruk av «One shot». For 6 av skadene har ein ikkje opplysningar om type fyrverkeri.

- Ved tre av dei alvorlege skadane gjekk personen tilbake til batteri som ikkje gjekk av.

Forskning viser at land med forbud mot privat fyrverkeri har 87 % lavere skadetal enn dei andre. The Intenational Council of Opthalmologists tilrår forbud mot privat fyrverkeri. Om ein berre hadde felles fyrverkeri ville ein kunne få slutt på alle dei alvorlege augeskadane.


Definisjonar på augeskadetypane

Alvorleg augeskade:

Er forventa å gi betydeleg synsreduksjon.

Moderat alvorleg augeskade:

Kraftig akutt skade, men er ikkje forventa å gi betydeleg synsreduksjon.

Lette augeskadar:

Blir behandla ved legevakt og er ikkje rekna med i denne oversikta.

Augeskadar etter nyttårsaftan på landsbasis frå dei siste åra:

2018/19: 16 skadar- 5 alvorlege og 11 moderat alvorlege
2017/18: 9 skadar- 3 alvorlege og 6 moderat alvorlege
2016/17: 12 skadar- 4 alvorlege og 8 moderat alvorlege
2015/16: 18 skadar –6 alvorlege og 12 moderat alvorlege
2014/15: 16 skadar – 4 alvorlege og 12 moderat alvorlege
2013/14: 15 skadar - 7 alvorlege og 8 moderat alvorlege
2012/13: 17 skadar - 5 alvorlege og 12 moderat alvorlege
2011/12: 16 skadar - 4 alvorlege og 12 moderat alvorlege
2010/11: 17 skadar - 6 alvorlege og 11 moderat alvorlege
2009/10: 10 skadar - 3 alvorlege og 7 moderat alvorlege
2008/09: 10 skadar - 5 alvorlege og 5 moderat alvorlege
2007/08: 21 skadar - 6 alvorlege og 15 moderat alvorlege
2006/07: 20 skadar - 3 alvorlege og 17 moderat alvorlege
2005/06: 28 skadar – 6 alvorlege og 22 moderat alvorlege

Noen tall er gått opp i forhold til tidligere års rapporter pga. etteranmelding av skader.


Spørsmål knytt til tala?

Ta kontakt med overlege Nils Bull, telefon: 977 36 542 eller kommunikasjonsdirektør Erik Vigander, 90133771

Augeavdelinga