125 år med behandling

- Gratulerer med 125-årsdagen! Det er ikkje kvar dag vi feirar nokon som er så gamal og har ei så rik historie. Eg er stolt og glad for at Hagavik tilhøyrer Haukeland universitetssjukehus. Det er eit sjukehus med svært gode resultat og utruleg dyktige tilsette.

Administrerande direktør Eivind Hansen, ordførar Marie Bruarøy i Os kommune og sjukehussjef på Kysthospitalet Kari Indrekvam.

Det sa administrerande direktør Eivind Hansen i sin tale til Kysthospitalet i Hagavik, som fredag feira at det var på dagen 125 år sidan offisiell opning av sjukehuset. Og direktøren hadde fleire godord på lager.

-Hagavik er blant landets beste sjukehus på hofte, kne og rygg. Folk frå heile landet valfartar hit på grunn av gode resultat og godt omdømme, ja faktisk er 35 prosent av pasientane dykkar frå andre stader i landet, sa Hansen.
- De satsar på god forsking og god og trygg behandling. 98 prosent av pasientane dykkar er topp fornøgde. Sjølv venninna til mor mi i Nordfjord reiste hit og fekk ny hofte og var strålande fornøgd. Når mors venninner er nøgde, er eg nøgd. Betre attest som direktør kan ein nesten ikkje få.

Den kvite pesten

Det var ikkje ortopedisk kirurgi det starta med.
«Den hvite pesten» blei den kalla. Den smittsame tuberkulosen spreidde seg som ei sann mare i Noreg mot slutten av 1800-talet. Rundt år 1900 døydde over 6000 menneske årleg av tuberkulose, skriv historikar Egil Ertresvaag i boka som blei gitt ut til 100-årsjubileet for Kysthospitalet i Hagevik.
Kysthospitalet blei bygd for å ta imot tuberkuløse, og då særleg barn med sjukdommen i bein, ledd og lymfeknutar, såkalla skrofulose. Medisinar fanst ikkje ikkje, så pasientane blei behandla med «passende diet, stadigt ophold i frisk luft samt regelmæssige varme søbad».


Naturleg overgang

Mot midten av førre århundre vart det stadig færre pasientar med tuberkulose i Noreg, samtidig som det var eit aukande behov for ortopedisk behandling av pasientar med ulike lidingar i muskel- og skjelettsystemet. Tilsette på Kysthospitalet hadde lang erfaring i behandling av infeksjonar i skjelettsystemet. Denne kompetansen var også nyttig innan ortopedi. Endringa til eit ortopedisk sjukehus vart derfor naturleg, når tuberkulosen gjekk tilbake. Frå starten av 1970-talet har dette vore den einaste oppgåva sjukehuset har hatt. Kysthospitalet har i dag rundt 200 tilsette, og er ein viktig arbeidsplass i Os kommune. Dette vart også understreka av ordførar Marie Bruarøy.

-«Kysten» er en veldig viktig institusjon i Os kommune, som vi er veldig krye av, sa ordføraren i si helsing til jubilanten.
- Det er ein viktig og god arbeidsplass. Får du jobb på Kysten, sluttar du aldri, sa ho.
- Gratulerer med dagen. Måtte de bli her i 125 nye år - minst.

Feiringa fredag starta på Kysthospitalet med flaggheising om morgonen, etterfølgt av jubileumsmarkering, underhaldning, premieutdeling og enkel lunsj. Sidan var det jubileumsseminar, historisk utstilling og festmiddag i Oseana.

I anledning jubileet skal det også vere jubileumsgudsteneste i Os kyrkje søndag 26. august og laurdag 22. september inviterer Kysthospitalet til Ope hus.