12 personar fekk skadar av nyttårsfyrverkeri

Av desse er fire alvorleg skadde, melder overlege Nils Bull ved Augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.

 

1. nyttårsdag kvart år samlar Bull inn oversikt over kor mange som er behandla for augeskadar etter nyttårsfeiringa frå sjukehus i heile landet.

- Fire av dei 12 er alvorleg skadde. Dei åtte andre har augeskadar som er moderat alvorleg. Ingen av dei som er skada rapporterer å ha brukt vernebriller då ulukka skjedde, seier Bull.

Overlege Nils Bull ved Augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.

Ei kvinne og 4 gutar

Kvinna var tilskodar. Alle gutane var 16 år.

- Tre av dei fire alvorlege augeskadane og 6 av dei moderat alvorlege skjedde etter bruk av effektbatteri. Ein har fått auget fjerna. Ved ein av dei alvorlege skadane blei det hol i begge auga.

- Fire effektbatteri gjekk av eller eksploderte i same augneblink som lunta vart tend. Ein gut vart skada då han gjekk tilbake fordi effektbatteriet ikkje gjekk av. Eit effektbatteri velta.

Skade frå effektbatteri. Foto: Nils Bull / Haukeland universitetssjukehus

Den internasjonale augelegeforeninga vil ha forbod mot privat fyrverkeri

Augeskadar av fyrverkeri er eit problem i heile verda, og i 2016 har den internasjonale augelegeforeninga International Council of Opthalmology gått inn for forbod mot privat fyrverkeri. Den norske augelegeforeninga støtter dette forslaget, og har no skrive eit brev til Direktoratet for Samfunssikkerhet og Beredskap og bedt om eit slikt forbod i Noreg.

Definisjonar på augeskadetypane

  • Alvorleg augeskade: Er forventa å gi betydeleg synsreduksjon.
  • Moderat alvorleg augeskade: Kraftig akutt skade, men er ikkje forventa å gi betydeleg synsreduksjon.
  • Lette augeskadar: Blir behandla ved legevakt og er ikkje rekna med i denne oversikta.

Augeskadar etter nyttårsaftan på landsbasis frå dei siste åra:

2016/17: 12 skadar- 4 alvorlege og 8 moderat alvorlege
2015/16: 18 skadar –6 alvorlege og 12 moderat alvorlege
2014/15: 16 skadar – 4 alvorlege og 12 moderat alvorlege
2013/14: 15 skadar - 7 alvorlege og 8 moderat alvorlege
2012/13: 17 skadar - 5 alvorlege og 12 moderat alvorlege
2011/12: 16 skadar - 4 alvorlege og 12 moderat alvorlege
2010/11: 17 skadar - 6 alvorlege og 11 moderat alvorlege
2009/10: 10 skadar - 3 alvorlege og 7 moderat alvorlege
2008/09: 10 skadar - 5 alvorlege og 5 moderat alvorlege
2007/08: 21 skadar - 6 alvorlege og 15 moderat alvorlege
2006/07: 20 skadar - 3 alvorlege og 17 moderat alvorlege
2005/06: 28 skadar – 6 alvorlege og 22 moderat alvorlege

Nokre tall er gått opp i forhold til tidlegare års rapportar grunna ettermelding av skadar.

Spørsmål knytt til tala?

Ta kontakt med overlege Nils Bull, telefon: 977 36 542