111 milionar til nytt forskingssenter

Bergens forskningsstiftelse, Kavlifondet, Haukeland Universitetssjukehus og Universitetet i Bergen går saman i eit eineståande spleiselag på 111 millionar kroner til ei ny satsing på psykisk helse.

Daglig leder i Bergens forskningsstiftelse, Sveinung Hole (t.v.), og daglig leder i Kavlifondet, Inger Elise Iversen (t.h.), kan gratulere Gerd Kvale og  Bjarne Hansen med en tildeling på 70 millioner kroner. Foto: Paul S. Amundsen

​Bakgrunnen er at eit forskarteam i Bergen har utvikla ei behandling av tvangslidingar som har gitt oppsiktsvekkande gode resultat. Ved det nye forskingssenteret, «Bergen Center for Brain Plasticity», skal ein finne årsaker til at behandlinga har så god effekt. Forskinga skal også bidra til at metodikken kan bli benytta i behandlinga av andre angstlidingar, og at den får utbreiing internasjonalt.

Ved å utvikle intensivbehandlinga «Bergen 4-day treatment» (B4DT), på norsk kalla «4-dagersbehandlinga», har psykologane Gerd Kvale og Bjarne Hansen endra behandlinga av angst og tvang fundamentalt. I TIME Magazine blei forskarduoen nyleg sett på lista over verdas 50 mest betydningsfulle personar innan helse, med kommentaren «sjå opp for det som no kjem».

Med dei fremste forskarane i verda på epigenetikk (læra om korleis både arv og miljø formar oss), genetikk og hjerneavbilding med på laget, er målet å identifisere kva for mekanismar som kan forklare variasjonar i behandlingseffekten hos ulike pasientar. Senteret skal også sikre at behandlingsmetoden blir tilgjengeleg for pasientar i andre land. 
Saman med depresjon er ulike former for angst dei psykiske lidingane som rammar flest, og dei fleste blir ramma i ung alder. Utan tilgang til effektiv behandling varer ofte desse lidingane livet ut. Dei menneskelege og samfunnsøkonomiske gevinstane ved at fleire får tilgang til betre behandling er derfor enorme.

– Av pasientar som har mottatt den intensive behandlinga over fire dagar er det vist at 90 prosent umiddelbart oppnår vesentleg betring, og fire år seinare er 70 prosent helt friske, fortel Gerd Kvale.

– Behandlinga gir mennesker eit nytt liv, samtidig som den gir ny, grunnleggande kunnskap. Målet er å identifisere kva for mekanismar som kan forklare variabilitet i behandlingseffekt, noko som igjen vil vere avgjerande for å kunne hjelpe dei som ikkje kjem i mål, seier Gerd Kvale.
 
For at forskarane skal lukkast med dette arbeidet går to private stiftingar og forskingsinstitusjonar i Bergen saman om tidenes spleiselag for å etablere «Bergen Center for Brain Plasticity»:

• Bergens forskningsstiftelse går inn med 35 millionar kroner til forsking for å avdekke mekanismar som forklarer kvifor behandlingsforma gir gode resultat
• Kavlifondet går inn med 35 millionar kroner til arbeidet med å gjere behandlinga tilgjengeleg for pasientar internasjonalt.
• Haukeland Universitetssjukehus og Universitetet i Bergen bidrar med 41 millionar kroner.

Samla utgjer dette ei finansiering på 111 millionar kroner fordelt over dei neste fem åra.

Bergen Center for Brain Plasticity skal bli leia av professor Gerd Kvale og førsteamanuensis Bjarne Hansen, som begge er tilsett ved Haukeland Universitetssjukehus og Universitetet i Bergen. McLean Hospital, som fleire år på rad har blitt rangert som USAs fremste innan psykisk helse, skal vere forskingssenterets hovudsamarbeidspartnar.

– Vi er imponert og stolt over det våre flotte fagmiljø har fått til av ny behandling for pasientane. Det er etablert ny metode som viser god effekt for ei viktig pasientgruppe. Vi takkar Bergens forskningsstiftelse og Kavlifondet for store bidrag til vidare satsing og ser fram til samarbeidet. Vi er stolte over å ha fagmiljøet med Gerd Kvale og Bjarne Hansen i spissen som del av Haukeland Universitetssjukehus, seier administrerande direktør Eivind Hansen ved Haukeland universitetssjukehus.

Til grunn for tildelinga frå Bergen forskningsstiftelse til det nye forskingssenteret, ligg ei fagleg uavhengig vurdering av internasjonale ekspertar. Det seier Sveinung Hole, dagleg leiar i stiftinga som er basert på donasjonar frå Trond Mohn og hans familie.

– Det er strålande at vi saman med Kavlifondet kan bidra til å realisere eit forskingssenter i verdsklasse i Bergen, og la resten av verda få glede av behandlingsforma. Effektiv behandling av så vel tvangslidingar som andre psykiske lidingar vil ikkje berre gi den enkelte pasient eit betre liv, men ha stor tyding for heile samfunnet, understrekar han.

– Det er gjort eit svært godt arbeid med å få 4-dagarsbehandlinga tilgjengeleg for barn og unge over heile Noreg. No ser vi fram til at behandlinga blir spreidd også internasjonalt, samtidig som forskarane kan arbeide med å framskaffe kunnskap som kan hjelpe dei som ikkje opplever effekt av ho, seier dagleg leiar i Kavlifondet, Inger Elise Iversen.

– Desse midlane representerer fantastiske moglegheiter. Dette er forsking som er dyr fordi den involverer pasientar, eksperimentelt utstyr og samarbeid med partnarar, blant anna i USA. Tildelingane frå Bergens forskningsstiftelse og Kavlifondet på til saman 70 millionar kroner gjer at vi kan drive med forsking som ellers ikkje ville vore mogleg, seier rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen.