HELSENORGE

10 personar fekk augeskadar av nyttårsfyrverkeri, ingen brukte vernebriller

Det melder overlege Nils Bull ved Augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus. 1. nyttårsdag kvart år samlar Bull inn oversikt over kor mange som er behandla for augeskadar etter nyttårsfeiringa frå alle augeavdelingane i heile landet. 

Dette er skadetall på same nivå som i fjor.

- Fire av dei 10 er alvorleg skadde. Dei 6 andre har augeskadar som er moderat alvorlege. 

7 menn, to gutar og ei kvinne


- Fire av dei skadde var tilskodarar, deriblant den eine guten og kvinna, begge desse to fekk alvorlege augeskadar.

- 6 av skadane skjedde ved bruk av effektbatteri, ein skade med enkeltståande effekt. For 3 av skadane har ein ikkje opplysningar om type fyrverkeri. Eit batteri velta og gav alvorleg augeskade på ein gut som var tilskodar. Ein person fekk alvorleg augeskade då han stod bøygd over batteriet då det blei tent på. Ein fekk alvorleg augeskade då han gjekk tilbake til eit batteri kor berre ein del av rakettane var gått av og tente på ein gong til.  

Tilrår forbod mot ​privat fyrverkeri når forskrift om fyrverkeri og pyrotekniske artiklar skal reviderast i 2022. 

- Politikarane har i år ein moglegheit til å få slutt på desse meiningslause skadane når dei skal revidera forskrifta som regulerer fyrverkeri. 40 organisasjonar, fagpersoner og politiske parti stiller seg bak eit opprop som ber politikarane om forbod mot privat fyrverkeri. På 17 år har det vore 261 augeskadar, i tillegg kjem handskadar, brannskadar, hørselstap og mange mindre skadar behandla på legevaktene. Einaste måten å få slutt på dette er ved å hindre tilgangen, seier Bull.

Definisjonar på augeskadetypane

Alvorleg augeskade: Er forventa å gi betydeleg synsreduksjon.

Moderat alvorleg augeskade: Kraftig akutt skade, men er ikkje forventa å gi betydeleg synsreduksjon.

Lette augeskadar: Blir behandla ved legevakt og er ikkje rekna med i denne oversikta.

Ofte blir det etteranmeldt skadar dei første dagane etter nyttår, slik at det opprinnelege skadetalet blir justert opp.

Augeskadar etter nyttårsaftan på landsbasis frå dei siste åra:

  • 2021/22: 10 skadar – 4 alvorlege og 6 moderat alvorlege
  • 2020/21: 11 skadar- 3 alvorlege og 8 moderat alvorlege
  • 2019/20: 15 skadar- 4 alvorlege og 11 moderat alvorlege
  • 2018/19: 16 skadar- 5 alvorlege og 11 moderat alvorlege
  • 2017/18: 9 skadar- 3 alvorlege og 6 moderat alvorlege
  • 2016/17: 12 skadar- 4 alvorlege og 8 moderat alvorlege
  • 2015/16: 18 skadar –6 alvorlege og 12 moderat alvorlege
  • 2014/15: 16 skadar – 4 alvorlege og 12 moderat alvorlege
  • 2013/14: 15 skadar - 7 alvorlege og 8 moderat alvorlege
  • 2012/13: 17 skadar - 5 alvorlege og 12 moderat alvorlege
  • 2011/12: 16 skadar - 4 alvorlege og 12 moderat alvorlege
  • 2010/11: 17 skadar - 6 alvorlege og 11 moderat alvorlege
  • 2009/10: 10 skadar - 3 alvorlege og 7 moderat alvorlege
  • 2008/09: 10 skadar - 5 alvorlege og 5 moderat alvorlege
  • 2007/08: 21 skadar - 6 alvorlege og 15 moderat alvorlege
  • 2006/07: 20 skadar - 3 alvorlege og 17 moderat alvorlege
  • 2005/06: 28 skadar – 6 alvorlege og 22 moderat alvorlege

Nokre tal er gått opp i forhold til tidlegere års rapporter grunna etteranmelding av skader.​

Spørsmål knytt til tala? 

Ta kontakt med overlege Nils Bull, telefon: 977 36 542