10 personar fekk augeskadar av nyttårsfyrverkeri

Det meldar overlege Nils Bull ved Augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.

​1. nyttårsdag kvart år samlar Bull inn oversikt over kor mange som er behandla for augeskadar etter nyttårsfeiringa frå alle augeavdelingane i heile landet.

Dette er ein reduksjon på fem sidan i fjor.
-Tre av dei 10 er alvorleg skadde. Dei 7 andre har augeskadar som er moderat alvorlege. Ein mann opplevde at effektbatteriet eksploderte i det han tente på, men sidan han hadde vernebriller fekk han berre moderat alvorleg augeskade, men brannskadar i ansiktet. Utan vernebrille ville det gått svært dårleg med auga. Ein annan mann og ei kvinne som brukte vernebrillar da dei tente på, slapp og unna med moderat alvorlege skadar i auga, seier, Nils Bull, overlege ved Augeavdelinga, Haukeland universitetssjukehus.

6 menn, to gutar og to kvinner

- Tre av dei skadde var tilskodarar. Dei to gutane manipulerte effektbatteri og fekk også skadar elers på kroppen.

- Åtte av skadane skjedde ved bruk av effektbatteri, to av desse ved manipulering med opning av batteriet. For to av skadane har ein ikkje opplysningar om type fyrverkeri. To batteri eksploderte straks da lunta blei tent. To velta, det eine av dei då det vart flytta på etter påtenning, begge ga alvorlege augeskadar. Ein person lente seg over batteriet ved påtenning då det ikkje tok fyr ved første forsøk. Eit batteri gjekk ikkje av, men lunta utvendig var brent opp. Batteriet ble opna og lunta på innsida tent på og vedkomande blei råke i ansiktet.

- På 16 år har det vore 250 augeskadar, i tillegg kjem handskadar, brannskadar og mange mindre skadar behandla på legevaktane. Det er mykje uvettig bruk og bevisst misbruk av fyrverkeri med skyting mot personar og påtenning innandørs. Fra mitt faglege ståsted som auge-lege meiner eg at politikarane bør innføre forbod mot fyrverkeri. Eg trur at den einaste måten å få slutt på desse skadene er ved å hindre tilgangen, seier Bull.

Definisjonar på augeskadetypane:

Alvorleg augeskade: Er forventa å gi betydeleg synsreduksjon.
Moderat alvorleg augeskade: Kraftig akutt skade, men er ikkje forventa å gi betydeleg synsreduksjon.
Lette augeskadar: Blir behandla ved legevakt og er ikkje rekna med i denne oversikta.
Ofte blir det etteranmeldt skadar dei første dagane etter nyttår, slik at det opprinnelege skadetallet blir justert opp.

Augeskadar etter nyttårsaftan på landsbasis frå dei siste åra:

2020/21: 10 skadar- 3 alvorlege og 7 moderat alvorlege
2019/20: 15 skadar- 4 alvorlege og 11 moderat alvorlege (4 etteranmeldte skadar 2. nyttårsdag)
2018/19: 16 skadar- 5 alvorlege og 11 moderat alvorlege
2017/18: 9 skadar- 3 alvorlege og 6 moderat alvorlege
2016/17: 12 skadar- 4 alvorlege og 8 moderat alvorlege
2015/16: 18 skadar –6 alvorlege og 12 moderat alvorlege
2014/15: 16 skadar – 4 alvorlege og 12 moderat alvorlege
2013/14: 15 skadar - 7 alvorlege og 8 moderat alvorlege
2012/13: 17 skadar - 5 alvorlege og 12 moderat alvorlege
2011/12: 16 skadar - 4 alvorlege og 12 moderat alvorlege
2010/11: 17 skadar - 6 alvorlege og 11 moderat alvorlege
2009/10: 10 skadar - 3 alvorlege og 7 moderat alvorlege
2008/09: 10 skadar - 5 alvorlege og 5 moderat alvorlege
2007/08: 21 skadar - 6 alvorlege og 15 moderat alvorlege
2006/07: 20 skadar - 3 alvorlege og 17 moderat alvorlege
2005/06: 28 skadar – 6 alvorlege og 22 moderat alvorlege

Nokre tal er gått opp i forhold til tidlegare års rapportar pga etteranmelding av skadar.
Spørsmål knytt til tala?
Ta kontakt med overlege Nils Bull, telefon: 97 73 65 42