10 år med Akuttpost

I ti år har Akuttposten spelt ei viktig rolle for menneske med rusmiddelutfordringar. Observasjon og stabilisering ved akutte overdosar og behandling av alvorlege abstinenstilstandar er ein viktig del av oppdraget.

Dåverande statsminister Jens Stoltenberg opna Akuttposten hausten 2010.
I opningstalen sin sa Stoltenberg følgande:

«Rus er blant de viktigste og vanskeligste feltene vi politikere jobber med. Viktig fordi det handler om fornedrelse og nød for dem som rammes og sorg, savn og lidelse for pårørende og venner. Få andre sosiale problemer er så brutale som rus. Samtidig er det et vanskelig felt fordi fagfolk og politikere ikke vet hva som hjelper».

Stoltenberg sa også at rusmisbrukarane i Bergen får eit betre tilbod med den nye rusakutten, som posten blir kalla på folkemunne.

Vegen vart til medan ein gjekk

Akuttposten starta som eit samarbeid mellom Helse Bergen og Bergen kommune, vegg i vegg med Bergen legevakt, nettopp for å gi eit betre akutt-tilbod til byens rusmiddelavhengige. Ved oppstart hadde posten fire senger som var øyremerka ruspasientar, fire senger som var øyremerka somatiske tilstandar utan rus og 2 senger som kunne brukast fleksibelt.

- Dette var eit heilt nytt konsept og vi måtte bruke postens eigne erfaringar, i tillegg til månadlege evalueringsmøte saman med samarbeidspartar frå Helse Bergen, Bergen kommune og tidlegare Bergensklinikkene for å stake ut kursen. Vi hadde også dialog med politiet, fortel Anne Magrethe Stokken, som har leia posten sidan oppstarten.

Fakta om Akuttposten

Akuttposten inneheld i dag 10 einerom øyremerka pasientar med rusproblematikk og/eller medikamentforgiftingar. Oppdraget til Akuttposten er blant anna observasjon og stabilisering ved akutte overdosar, i tillegg til behandling av alvorlege abstinenstilstandar.
Totalt har posten om lag 2500 innleggingar i året. 2/3 av pasientene er menn. Gjennomsnittsalderen er rundt 30-35 år. Alkohol står for rundt 60 prosent av innleggingane.

Behandlingsallianse

I 2013 vart posten overdratt til Helse Bergen, og blir i 2014 ein del av Mottaksklinikken. Same år blir den opne russcena i Nygårdsparken stengt, og då blir innleggingsrutinane endra.

-Fram til då hadde alle innleggingar på Akuttposten gått via Bergen legevakt, men no vart pasientar med overdosar transportert med ambulanse direkte til Akuttposten, fortel Stokken.

Ved ankomst Akuttposten blir pasienten straks møtt av lege og sjukepleiar. Pasienten blir undersøkt og kopla til overvakingsutstyr.  Posten forsøker å legge til rette for ei roleg oppvakning utan bruk av antidot (motgift) dersom mogleg. Målet er å skape grunnlag for ein behandlingsallianse.

- Ved å unngå unødig bruk av antidot både av ambulanseteneste og etter innkomst hos oss klarer vi raskare å kome i dialog med pasienten om moglegheiter for endring, forklarer Stokken.

All kontakt med pasienten blir dokumentert og alvorlege bekymringar blir følgt opp fortløpande.

- I denne perioden utviklar vi også eit mykje større fokus på abstinensbehandling.

Også pårørande blir ivaretatt. Dei får skriftleg informasjon og tilbod om ein 1,5-2 timars individuell samtale.


- Tema for desse samtalane er informasjon og rettleiing om rusproblematikk og hjelpetilbod til både pasient og pårørande, seier Stokken. 

I 2015 flytta Akuttposten saman med mange andre samarbeidsparter inn i nye lokale i Bergen helsehus.

Kompetansebygging viktig

Akuttposten har i dag 15,4 årsverk i pleiegruppa. I all hovudsak er dette sjukepleiarar. Ved oppstart i 2010 hadde posten ingen sjukepleiarar med vidareutdanning.
- Kompetansebygging har vore viktig for oss, og i dag har vi vidareutdanningar innanfor rus, akuttsjukepleie, geriatri, psykiatri, nevrologi og familieterapi, fortel Stokken.

10 av sjukepleiarane har jobba mellom sju og 10 år i posten.
Legane på Akuttposten er enten i spesialisering innan akutt- og mottaksmedisin eller rusmedisin. Sosialfagleg kompetanse blir ivaretatt av Sosionomavdelinga i Helse Bergen.

I forbindelse med 10 års jubileet ferdigstiller Akuttposten også eit pasientforløp i Helse Bergen for pasientar med overdosar.

- Dette er utarbeidd i samarbeid med Bergen legevakt, Haraldsplass diakonale sykehus, Psykiatrisk divisjon, Avdeling for Rusmedisin, Traumesenteret, Hjarteavdelina, Medisinsk avdeling og Seksjon for helsetenesteutvikling, fortel Stokken.

Modellen får stor merksemd

Klinikkdirektør Anne Taule i Mottaksklinikken er stolt over jobben medarbeidarane i Akuttposten gjer.

-Dei flotte  og dedikerte medarbeidarane er med på å gi pasientar i ein svært sårbar situasjon eit likeverdig og  godt tilbod, seier ho.

- Eg vil gratulere leiar og medarbeidarar med ei flott og eineståande eining, og takkar for dedikasjonen og  ein fantastisk innsats i 10 år til beste for pasienten!

Taule trekker også fram korleis Akuttposten i løpet av desse ti åra har befesta sin plass i behandlingslinja for gitte pasientgrupper.

-Tilbodet  og  tilnærminga til pasientane får merksemd både nasjonalt og internasjonalt, og fleire tar etter modellen, framhevar Taule.

- Det er trygt for pasientane å kome til Akuttposten og dei blir ivaretatt i forhold til rus, psykiatri og somatikk i den grad det er behov. Tett og godt samarbeid med kommunane, psykiatrisk legevakt, Avdeling for rusmedisin og dei øvrige somatiske einingane i Helse Bergen gjer at pasientane får eit heilskapleg behandlingstilbod på tvers av faglege linjer.