Ny folkeopplysningskampanje

- Vil at fleire snakkar om sjølvmordstankar

«Snakk om sjølvmordstankar – det kan redde liv». Slik var bodskapet i folkeopplysningskampanjen frå Helse Vest i fjor. No kjem runde to av kampanjen, der Helse Bergen skal bidra til å dele bodskapet.

– Kampanjen har eit enkelt, men vanskeleg mål: Vi vil at fleire skal fortelje at dei har sjølvmordstankar, og vi vil at menneska rundt dei skal våge å spørje når dei blir bekymra.

Det seier psykologspesialist i Helse Bergen Anne G. Grønningsæter som leiar den lokale arbeidsgruppa for kampanjen.


Mykje merksemd

Folkeopplysningskampanjen fekk mykje merksemd i fjor, der ein film med Kristoffer Joner bidro til å formidle hovudbodskapet. Filmen med Joner blei sett over 1 million gongar i sosiale medium og ei spørjeundersøking etter kampanjen viste tydelege tendensar til at kampanjen hadde gitt folk meir kunnskap om temaet.


Vil bryte ned tabu og fjerne mytar

Kampanjen set fokus på at det ikkje er farleg å snakke om sjølvmordstankar, at det er mange som vil og kan hjelpe, og ikkje minst at det er god hjelp få. I år har Helse Vest fått med seg fleire gode ambassadørar. Erik Thorstvedt, Myra, Marco Elsafadi, Kristoffer Joner, Aleksandra Gjerpen og Maud Angelica Behn er blant aktørane som frontar det viktige bodskapet i årets kampanje.

– Spørjeundersøkingar i Noreg tyder på at tabuet rundt sjølvmord og sjølvmordstankar er i ferd med å brytast ned. Det er ei god utvikling som vi gjennom kampanjen ønsker å bidra til, seier Grønningsæter.


– Det er normalt å streife innom  tankar om at livet ikkje er verd å leve, for eksempel når ein har kjærleikssorg eller mister ein som ein er glad i. Dei aller fleste vil da ikkje trenge behandling i verken kommune- eller spesialisthelseteneste, men kan få god hjelp av sine næraste, seier Grønningsæter.


Ho understrekar at det er forskjell på å ha tankar om sjølvmord og det å vere i akutt fare for å ta sitt eige liv.

– Akkurat dette er nok litt av utfordringa for kampanjen. Vi ønsker å fortelje at det finst profesjonell hjelp i kommunen og i spesialisthelsetenesta, men samtidig vise at ikkje alle med sjølvmordstankar treng behandling, seier Grønningsæter.


Den viktige samtalen

– Det aller viktigaste er å gjere folk flest trygge på at dei kan ta denne samtalen med nokon dei er bekymra for, og at folk skal ha kunnskap om kor dei kan få hjelp når tankane om sjølvmord blir akutte og alvorlege.
Ho meiner vi ikkje må undervurdere kva vi sjølv kan gjere for andre.
– Det å bli sett, høyrt og forstått kan vere til stor hjelp for veldig mange. Det å få setje ord på smerta, sorga eller bekymringane ein går med, vil kunne gjere at ein kjenner håp og ser løysingar, seier psykologspesialisten.

Det å bli sett, høyrt og forstått kan vere til stor hjelp for veldig mange


Godt tidspunkt

Fagsjef Erik Hauge i Divisjon psykisk helsevern seier kampanjen kjem på eit veldig passande tidspunkt.
Regjeringa har lansert ein nasjonal handlingsplan for sjølvmordsførebygging. Vi trur kampanjen til Helse Vest og deltakinga i denne frå Helse Bergen følger opp initiativet til styresmaktene på ei god måte, seier Hauge.


Fastlegen viktig

Nasjonale tal viser at opp i mot 80 prosent av dei som tar livet sitt, hadde vore i kontakt med fastlegen sin i månadane før sjølvmordet, utan å ta opp sjølvmordstankane der.
– Folk som endar opp med å ta livet sitt, har også hyppigare kontakt med fastlegen enn befolkninga elles, seier Grønningsæter.

– Dei kjem gjerne for å ta opp somatiske problemstillingar som brystsmerter eller søvnvanskar, og her ligg ein moglegheit for fastlegen til å gå nærare i dialog med pasienten og sjå om det kanskje er andre ting som ligg bak legebesøket, seier Grønningsæter.


Vanskeleg tema

Helse Bergen inviterer kommunane til å dele kampanjen. Grønningsæter meiner det er viktig å gjere helsepersonell både i kommune- og spesialisthelsetenesta trygge på korleis dei kan nærme seg slike vanskelege tema i møte med pasientar, og korleis dei skal handtere situasjonen vidare.
Det håpar både Grønningsæter og Hauge at kampanjen vil bidra til.

– Vi håpar mange vil hjelpe med å dele bodskapet når kampanjen startar, og at mange vågar å ta den praten når dei er bekymra for nokon rundt seg.


Mange vil og kan hjelpe

I forkant av opplysningskampanjen har Helse Vest bidrege med kompetansespreiing og informasjon til mellom anna kommunane og fylkeskommunane på Vestlandet, for å gjere dei som jobbar der betre rusta til å fange opp dei som slit, og til å ta dei vanskelige samtalene.

Helsepersonell og fagfolk i kommunar og skular spelar ei viktig rolle i arbeidet med å førebyggje sjølvmord. Som del av folkeopplysingskampanjen har Helse Vest derfor laga ei oversikt på nett over ressursinformasjon og e-læringskurs i sjølvmordsrisikovurdering som kan støtte helsepersonell og fagfolk i det førebyggjande arbeidet.


Aktuelt bodskap

Informasjonskampanjen er blitt ytterligare aktualisert no i forbindelse med koronapandemien med rapportering om auka symptom på angst og depresjon, einsamheit, isolasjon og passivitet i befolkninga. Det er tungt å leve under ein pandemi.

– Fordi mange har det ekstra tøft nå, er det viktig å synleggjere kva hjelpetilbod som finst i kommunar, hjelpetelefonar, frivillige organisasjonar og i spesialisthelsetenesta. Det finnes også fleire digitale sjølvhjelpsverktøy som kan vere gode, og no lanserer Helse Vest i tillegg psykologbehandling via internett (eMeistring) i heile regionen, der ventetidene er korte. Dette må vi vise fram, seier assisterande fagdirektør  Ola Jøsendal i Helse Vest.


På nettstaden helse-vest.no/selvmord finn du lenkjer til mange nyttige nettsider, både for deg som slit med sjølvmordstankar, for deg som pårørande og for deg som jobbar i helsetenesta.