– Vi må dempe befolkningas behov for helsetenester

Det var samhandlingsekspert Daniel Haga sin hovudbodskap til tilsette i kommunar og sjukehus då Helse Bergen og Haraldsplass diakonale sykehus saman hadde invitert til arbeidsmøte tysdag.

Daniel Hage på scenen. Foto
 

– Vi må unngå sjukdom hos det store fleirtalet som er friske, og vi må bidra til å bevare livskvalitet hos dei som har ein sjukdom. Det er bra for den enkelte, og det er bra for samfunnet, sa Haga.

– Dette er ei oppgåve vi må løyse i fellesskap. Heilskapstenking og samarbeid må til.

Kan ikkje lenger kjøpe oss fri

Daniel Haga har vore direktør for samhandling i Helse Midt-Noreg sidan 2003. Før den tid var han kommuneoverlege i Alta. I møtet tysdag teikna han eit utfordringsbilete som viser kvifor vi ikkje lengre kan fortsetje som «annleislandet».

– Vi står overfor ein kombinasjon av stadig fleire eldre, lågare oljepris og lågare norsk produksjon. Vi kan ikkje lengre tru at vi kan kjøpe oss ut av utfordringane, understreka Haga.

Hans bodskap til møtedeltakarane var at vi heller ikkje vil kunne møte utfordringane med vekst åleine, gjennom effektivisering åleine eller med teknologi åleine. Og heller ikkje gjennom ein kombinasjon av desse.

– Det betyr ikkje at vi ikkje skal vekse og effektivisere eller utvikle ny teknologi, men min hovudbodskap er altså at befolkningas behov for helsetenester må dempast.

Felles innsats

Han var også tydeleg på at utfordringane må løysast i fellesskap.

– Dette kan verken spesialisthelsetenesta eller kommunane løyse åleine. Behovet for koordinerte tenester vil auke, og vi må tørre å stå i eit felles ansvar over tid.

I følgje Haga må vi tenkje annleis om samhandling om vi skal klare dette.

– Samhandling har vore vanskeleg fordi vi trur at ansvaret kan plasserast på den andre sida av gjerdet. Det fører berre til at vi blir gode i «peikeleiken»: Sjukehuset påstår at kommunen ikkje har eit godt nok tilbod til pasienten om vart utskriven, kommunen hevdar at pasienten blir utskriven for tidleg. Og sånn går nu dagan.

Men samhandling er ikkje berre vekslingar der ein overlet stafettpinnen til nokon andre. Vi treng leiarar som tør å stå med den eine foten i «gråsona» mellom nivåa, og som er villige til å ta ansvar saman med dei på den andre sida, meiner Haga.

 

Ungdomsrepresentantene Sol og Ida sammen med Anne Sissel Faugstad og Gunbjørg Smedsvig. Foto
Ungdomsrepresentantane Sol og Ida fekk mange gode tilbakemeldingar etter sitt innlegg. – Utroleg motiverande for arbeidet vårt! Her saman med Anne Sissel Faugstad og Gunbjørg Smedsvig.

 

«Den siste hjelpande handa»

Sol og Ida frå Ungdomsrådet på Haukeland heldt også innlegg. Dei etterlyste koordinerte tenester og heilskapleg tenking på tvers av sjukehus, kommunar og andre viktige aktørar som skule, barnevern og Nav.

– Du treng hjelp i overgangen frå sjukehusliv til kvardag. Når du er mellom «veldig sjuk» og frisk, er du friskare, men du treng fortsatt hjelp, sa Sol og fekk støtte av Ida:

– Du treng gjerne den siste hjelpande handa.

Saman fortalde dei to jentene om utfordringane dei har kjent på i møtet med helsevesenet. Særleg krevjande har det vore i overgangane mellom sjukehus, institusjonar og kvardag – og overgangen mellom barn/ungdom og vaksen.

– Du mister ikkje sjukdommen din den dagen du fyller 18. Du har akkurat dei same behova som når du var 17, men når du blir myndig får du ikkje same oppfølginga som når du blir rekna som barn eller ungdom, konkluderer Ida.

Still krav til pasienten

– Mange blir usikre i møtet med helsevesenet. Pasienten er i ein sårbar posisjon og helsepersonell må kunne meir om pasientsentrert kommunikasjon, var Jorund Stellbergs klare oppfordring til møtedeltakarane. Ho representerte Brukerutvalget ved Haraldsplass og delte sine refleksjonar om brukarmedverknad.

– Brukarmedverknad krev også vesentleg innsats frå pasienten sjølv, og helsepersonell må stille tydelege krav.

Her kan du sjå alle presentasjonane frå arbeidsmøtet med kommunane (pdf)
Mennesker på konferanse. Foto
Etter møtedeltakarane hadde fått høyre alle innlegga, skulle dei diskutere utfordringsbiletet; kva er dei største utfordringane i dag og årsakene. Kvart bord hadde ordstyrar og referent som noterte innspela frå deltakarane.

 

Kva skjer vidare?

Tysdagens møte var eit av to planlagde arbeidsmøte med sjukehusa og kommunane. Neste møte skal vere 20. mars og då skal ein sjå på kva utvikling samhandlinga skal ha framover.

Her vil ein løfte fram idear som kan bidra til å løyse utfordringane som var tema tysdag. Innspela vil bli tatt vidare og behandla på vanleg måte i samhandlingstrukturen.