HELSENORGE

- Vi er førebudde på å ta i mot pasientar som treng sjukehusbehandling for coronavirus

Det første kjende tilfelle i Noreg av det nye koronaviruset er no påvist. Helse Bergen er klar dersom mange i vårt opptaksområde treng sjukehusbehandling som følgje av virussjukdommen.

Ei breitt samansett arbeidsgruppe ved sjukehuset har over tid jobba med å oppdatere vår generelle pandemiplan, ikkje spesifikt for koronavirus.

– Men den får vi god bruk for når det no ligg an til at vi kan få eit utbrot av koronavirus også i vårt opptaksområde, seier seksjonsoverlege ved Infeksjonsmedisinsk seksjon, Trond Bruun. Han leier arbeidet med å ferdigstille pandemiplanen.

Pandemiplanen har utgangspunkt i ei trinnvis opptrapping av kapasitet som tek høgde for svært ulike situasjonar.

– Vi må ta høgde for at ein stor del av befolkninga kan bli smitta og at så mange som 15 prosent av desse fører til sjukehusinnlegging. Ei anna utfordring er knytt til sjukefråvær blant koronasmitta helsepersonell på sjukehuset, fortel Bruun.

– Vi har laga planar for dei fleste høve, men dei er sjølvsagt dynamiske og blir justert etter behov. Uansett er det faktorar knytt til kor mange smitta pasientar (både vaksne og barn) som krev behandling på sjukehus, som vil vere utløysande for at vi iverkset pandemiplanen, seier han.

Mange av momenta i planen handlar om kor og korleis vi tek i mot forventa straum av pasientar. Det kan påverke resten av drifta ved sjukehuset:


• Planlagt aktivitet i sjukehuset vil bli redusert etter kvart som talet på eventuelle pandemipasientar aukar

• Helse Bergen og Haraldsplass Diakonale sjukehus (HDS) vil i ein beredskapssituasjon få ei felles beredskapsleiing

• Pandemipasientane skal bli tatt i mot og samla på sengepostar i Sentralblokka. Desse postane er førehandsbestemt. Opptrappinga vil skje gradvis ut frå kor mange pasientar som kjem

• Voss sjukehus vil behandle pasientar hos seg, med mindre beredskapsleiinga vurderer det annleis

– I ein pandemisituasjon vil det overordna målet alltid vere å avgrense skadeomfanget. Vi må:

  • ha tilstrekkeleg bemanning
  • ha tilstrekkeleg kapasitet
  • hindre smittespreiing i sjukehuset
  • ha kompetent personale på jobb
  • ivareta ordinær sjukehusdrift 
  • prioritere planlagt pasientbehandling
     

Bruun legg til følgjande;
 
– Noko av det aller viktigaste vi alle kan gjere er å ha god handhygiene - handvask med såpe og vatn/bruke handdesinfeksjonsmiddel - for å stoppe spreiing av smitte. I tillegg er det svært viktig at personar som sjølve lurer på om dei kan vere smitta ikkje møter opp på sjukehuset, legevakt eller fastlegen, men tek kontakt på telefon: 116117. Dei du treff på telefonen vil rettleie deg i kva som bør skje vidare, understrekar Bruun.

Meir informasjon