Inneliggande pasientar kan få besøk, men det er naudsynt med nokre reglar, og tal på besøkande per pasient må regulerast av omsyn til smittevern.
- Vi oppmodar deg som pasient til å tenke over om besøket kan vente til etter utskriving. Vi på sjukehuset skal og vil legge til rette for besøk til pasientar som ønskjer eller treng det, men det er framleis slik at dette må avtalast med aktuell avdeling på førehand, seier fagdirektør Marta Ebbing.

Marta Ebbing er fagdirektør i Helse Bergen.
Før du kjem må du gjere deg kjent med gjeldande reglar:
- Du må avtale besøk med aktuell avdeling på førehand
- Besøk skal skje i visittid
- Du må ikkje komme på besøk om du er i karantene eller har symptom på covid-19
- Du må følgje smittevernråd, som å vaske hender og halde avstand til andre
- Vi vil også legge til rette for at pasientar som har behov for det kan ha med pårørande eller nødvendig følgjeperson ved innlegging eller til polikliniske konsultasjonar, seier Ebbing.