- Kjempestas å få pris!

Den årlege konferansen "Årets forskingspresentasjonar" vart arrangert av Forskerskulen i klinisk medisin den 24.- 26. januar på Haukeland universitetssjukehus.

Frå venstre: Anny Gravdal, Marie Holm Solheim, Roald Havre, Ellen Skorve, Gro Dyrhovden, og på vegne av Katharina Bischof; Katrin Keinmanns & Shamundeeswari Anandan

​​Forskerskulen i klinisk medisin er ein forskarskule for ph.d.-kandidatar ved Klinisk institutt 1 (K1) og Klinisk institutt 2 (K2). Forskarskulen arrangerer årleg  fleire kurs, seminar og kåring av "Årets forskingspresentasjonar". I år gjekk arrangementet over tre dagar (24.-26. januar) på Haukeland universitetssjukehus, og vart avslutta med ein flott seremoni i Fojaeen i Sentralblokka.

Vinnarane
I år var det heile 33 påmeldte posterar. Juryen, som bestod av professor Jutta Dierkes, professor Pål Njølstad og ph.d Elisabeth Wik, bedømde dei tre beste posterane. I år gjekk 1. premien til forskarlinjestudent Einar M. H. Martinsen, som forskar på deltaking i klinisike studiar som inkluderer forskingsbronkoskopi. 2. og 3. premien gjekk til høvesvis ph.d.-kandidat Grethe Åstrøm Ueland og ph.d.-kandidat Katharina Bischof.

Det var 12 påmeldte bidrag til dei munnlege presentasjonane, og her var det professor Kjell- Morten Myhr, ph.d.Inger Marie Løes og professor II Petur Juliusson, som premierte dei tre beste bidraga.

1. pris for beste munnlege presentasjon gjekk til Marie Holm Solheim, ph.d.-kandidat ved K2. I sitt doktorgradsarbeid prøver ho å forstå mekanismane som knyter saman insulinresistens, diabetes og fedme.  Les meir om Solheims forsking her

Solheim syntes det var mange spennande og gode bidrag blant årets forskingspresentasjonar.
- Så det å få pris for mitt munnlege innlegg var sjølvsagt kjempestas, seier ho.
- Forskingspresentasjonane er eit flott arrangement som bidrar til å synleggjere forsking på tvers av forskingsgrupper, og er eit godt verktøy for å fremme tverrfagleg samarbeid. Styret i Forskerskulen skal ha all ros for eit flott arrangement. Eg håper at endå fleire tar seg tid til å bidra med eigne innlegg eller besøke arrangementet neste år, er Solheim sin klare bodskap til ph.d.-kandidatane ved K1 og K2.

Ein ny kategori i år var "Open klasse", ein kategori for dei som ikkje er ph.d.-kandidatar. Vinnaren av denne kategorien var forskar ved Haukeland Universitetssjukehus Roald Flesland Havre. Vinnaren av kategorien "Folkets favoritt" var ph.d.-kandidat Anny Gravdal.

Les alle abstrakta til deltakarane her.

Nøgd med årets forskningspresentasjonar
Tre ph.d.-kandidatar satt i arrangementkomiteen for årets forskingspresentasjoner.
- Vi i arrangementskomiteen er veldig nøgd med oppmøtet i år då nærmare 50 stykk meldte seg på årets forskingspresentasjonar, seier leiar for arrangementkomiteen Torbjørn Kråkenes. 
Av desse var det både forskerlinjestudentar, PhD-stipendiatar og postdoktorstipendiatar.

- Kvaliteten på både posterane og dei munnlege bidraga var veldig høg, med tema om alt frå diabetes til protesar til tvangslidingar. Dette gjorde at det vart ei veldig gøy og lærerik veke for alle som høyrte på.  I tillegg hang posterane oppe i resepsjonsområdet på Haukeland heile veka, slik at pasientar og pårørande kunne få eit avbrekk frå sjukehuskverdagen med å lese litt om all den flotte forskinga vi gjer her. Det var også stas at vi fekk med instituttleiarane frå K1 og K2, Kjell-Morten Myhr og Pål Njølstad, i tillegg til leiar for Forsking- og utviklingsavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus, Clara Gjesdal, til å bidra under arrangementet, seier Kråkenes vidare.

- Vi i Forskerskulen ser alt fram til neste års arrangement!

Ny leiar for forskerskulen
Avtroppande leiar for forskerskulen, Stefan Johansson, er også veldig nøgd med arrangementet.
- Det var bra oppmøte og imponerande presentasjonar. Dette er ein flott tradisjon som eg håper vil vil bli utvikla ytterlegare i åra som kjem. Eg vil også passe på å takke jurymedlemmane for deira innsats, og sist, men ikke minst, arrangementskomiteen for eit glimrande arbeid.

Johansson har leia forskerskulen i 4 år, og har no gitt oppgåva vidare til Stian Knappskog, forskar ved K2.

 

Prisvinnarar Årets Forskingspresentasjonar 2018:

1. premie posterpresentasjon: Einar M. H. Martinsen (forskerlinjestudent, K2)

2. premie posterpresentasjon: Grethe Åstrøm Ueland (ph.d.-kandidat, K2)

3. premie posterpresentasjon: Katharina Bischof (ph.d.-kandidat, K2)


1. premie munnleg presentasjon: Marie Holm Solheim (ph.d.-kandidat, K2)

2.premie munnleg presentasjon: Ellen Skorve (ph.d.-kandidat, K1)

3. premie munnleg presentasjon:Gro Dyrhovden (ph.d.-kandidat, K1)


Open klasse: Roald Flesland Havre (Medisinsk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus)

Folkets favoritt: Anny Gravdal (ph.d.-kandidat, K1)