Pårørandetilfredsheit - eit samarbeidsprosjekt

Dette er eit kvalitetsforbetringsprosjekt der formålet var å bruke eit validert skjema (FS-ICU24) til å kartleggje pårørande si tilfredsheit med pleie, behandling og avgjerder under opphald i norske intensivavdelingar. 

Intensivpasientar er vanlegvis kritisk sjuke, svært svekka og ofte trøytte eller sovande som følgje av medikament eller sjukdommen i seg sjølv. Personalet kommuniserer difor mykje direkte med pasienten sine pårørande, som ofte er til stades større deler av tida og/eller har hyppig telefonkontakt med avdelinga. Forsking har vist at det ofte er samsvar mellom det pårørande og pasienten opplever.

Vi ynskte med dette å bruke eit utprøvd og godkjent spørjeskjema til å kartleggje hvor tilfredse pårørande ved norske intensivavdelingar faktisk er med måten vi har teke oss av dei og pasienten på.

Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Regionalt servicemiljø i SKDE (Senter for Klinisk Dokumentasjon og Evaluering). Det var 19 intensivavdelingar ved ulike sjukehus rundt i landet som deltok i prosjektet.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.