NIPaR bidreg gjerne med data til ditt prosjekt. Fullførte prosjekt er lista her. Under finn du kodebøkene våre og standard søknadsskjema for tilgang til våre data. Dersom du har søkt om datatilgang via helsedata.no i kombinasjon med tilgang til andre register, er ikkje denne portalen tilkopla NIPaR, endå. Du må difor sende ein eigen søknad til NIPaR.
Vi har behov for dette frå deg:
Søknaden sendast til: norskintensivregister@helse-bergen.no
For nærare rettleiing kan du ringje 55 97 70 56.
Om våre kodebøker:
Kodebok NIR: Her finn du vårt standard datasett for intensivpasientane, med beskriving av variablar.
Kodebok NIR beredskap: Her finner du datasettet for intensivpasientane med SARS-CoV-2, med beskriving av variablar.
Kodebok NIR influensa: Her finner du datasettet for intensivpasientane med sesonginfluensa, med beskriving av variablar.
Kodebok NIR pårørande: Her finn du variablane for spørjeskjema FS-ICU-24, Pårørandetilfredsheit.
Alle datasetta let seg kombinere med kvarandre (om der fins data), eller til dømes berre med hovuddatasettet, Kodebok NIR. Om du ynskjer dette må det gjerast greie for i søknaden til NIPaR.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.