Anonymisering av opplysningar i Norsk intensivregister

Norsk intensivregister har anonymisert opplysningar i registrert som hadde vore lagra lenger enn det som var planlagt. Opplysningar i registeret skulle etter planen anonymiserast fem år etter registrering.

​Norsk intensivregister oppdaga i 2018 at opplysningar i registeret hadde vore lagra lenger enn det som var planlagt. Opplysningar i registeret skulle ha vore anonymisert fem år etter registrering. Saka blei meldt til Helse Bergen HF som dataansvarleg så snart feilen blei oppdaga, og etter det meldt vidare til Helsedirektoratet og Datatilsynet.
Helse Bergen HF har no anonymisert opplysningane som var registrert i perioden frå januar 2011 til mai 2014 slik at det ikkje lenger er mogleg å knytte dei til nokon person.

Dette er gjort ved å lage samlestatistikk over opplysningar i registeret fordelt på grupper. For eksempel er det laga ein tabell over tal pasientar som fekk respiratorbehandling fordelt på aldersgrupper (10 års aldersintervall) og kjønn.
Norsk intensivregister og Helse Bergen HF beklagar at anonymiseringa vart gjennomført forseinka. Vi har no betra rutinane våre rundt dette.

Dersom du har spørsmål om denne saka ber vi deg ta kontakt med Norsk intensivregister ved å sende e-post til norskintensivregister@helse-bergen.no . Du kan også ta kontakt med personvernombodet i Helse Bergen HF ved å sende e-post til postmottak@helse-bergen.no . Du kan også ringe til Helse Bergen HF på telefon nummer 55 97 50 00 og slik kome i kontakt med både Norsk intensivregister og personvernombodet.

Fann du det du leita etter?