Ved ei CT-undersøking kan det vere aktuelt med fleire ulike grupper av legemiddel:
Tarmtømmingsmiddel: Ved nokre typar CT er det nødvendig at magen og tarmen er tom. Ein blir derfor ofte bedt om å faste i nokre timar før undersøkinga, og kan også bli bedt om å ta eit tarmtømmingsmiddel, eit kraftig avføringsmiddel, før undersøkinga.
Kontrastmiddel: Ved ein del radiologiske undersøkingar får ein tilført kontrastvæske. Hensikta er å få ei bildeframstilling av organ som elles ikkje er synlege på røntgenbilde, eller undersøke funksjon og blodgjennomgang til ulike organ.
Ingen av tarmtømmingsmidla eller kontrastmidla som NAPOS har klassifisert fører til porfyrianfall.
Legemiddel som får tarmen til å slappe av: Ved nokre undersøkingar gir ein legemiddelet Buscopan (butylskopolamin), som får tarmen til å slappe av. Dette legemiddelet er klassifisert som Sannsynleg Ikke Porfyrinogent, og kan brukast av pasientar med akutte porfyrier. Ei radiologisk avdeling gav opplysningar om at ein også kan bruke Glucagon (glukagon), denne er Ikkje Porfyrinogent(sjå tabell).
Andre legemiddel: Det kan også bli aktuelt å bruke andre legemiddel, som for eksempel forskjellige typar avslappande legemiddel eller lokalbedøving. I desse tilfella anbefaler vi at legen først sjekkar om legemiddelet er trygt ved å bruke legemiddeldatabasen:
www.drugs-porphyria.org, eller at dei ringjer til NAPOS på 55 97 31 70.
Tabellen viser ei oversikt over nokre av dei legemidla som kan vere aktuelle å bruke ved ei CT-undersøking, og deira tryggleiksklassifisering. Tarmtømming | Phosphoral | Natriumfosfat | Ikkje porfyrinogent |
Tarmtømming | X-prep, Pursenid | Sennaglykosid | Ikkje porfyrinogent |
Tarmtømming | Dulcolax, Toilax | Bisakodyl | Sannsynleg Ikkje Porfyrinogent |
Tarmtømming | Endofalk, Laxabon | Makrogol | Ikkje porfyrinogent |
Tarmtømming | Klyx | Natriumdioktylsul-fosuksinat | Ikkje porfyrinogent |
Kontrastmiddel | Gastrografin | Diatrizoinsyre | Sannsynleg Ikkje Porfyrinogent |
Kontrastmiddel | Omnipaque | Joheksol | Ikkje porfyrinogent |
Kontrastmiddel | Ultravist | Jopromid | Ikkje porfyrinogent |
Kontrastmiddel | Optiray | Ioversol | Ikkje porfyrinogent |
Kontrastmiddel | Visipaque | Iodixanol | Ikkje porfyrinogent |
Kontrastmiddel | Iomeron | Iomeprol | Ikkje porfyrinogent |
Kontrastmiddel | Xenetix | Iobitridol | Ikkje porfyrinogent |
Kontrastmiddel | Mixobar Colon | Bariumsulfat med suspensjonsmidler | Ikkje porfyrinogent |
Andre legemidler (som får tarmen til å slappe av) | Buscopan | Butylskopolamin | Sannsynleg Ikkje Porfyrinogent |
Andre legemidler (som får tarmen til å slappe av) | Glucagon | Glukagon
| Ikkje porfyrinogent |
Vanlege biverknadar
Det kan vere nyttig å vite at enkelte av legemidla kan hos nokre pasientar, også dei utan porfyri, gi biverknadar som kan minne om symptoma ved eit porfyrianfall (for eksempel raudfarga urin, forstopping eller kvalme).
Viss du har nokre spørsmål om legemiddel, kan du ta kontakt med NAPOS på telefon 55 97 31 70, eller sende ein e-post til
porfyri@helse-bergen.no.
Les mer om porfyri på hovedsiden til
Nasjonalt kompetansesenter for porfyrisykdommer (NAPOS)