Tilvisingsrutinar B4DT

Pasientar som ønskjer / er aktuelle for 4-dagars behandling, tilvisast av fastlege / annan aktuell tilvisande instans til lokalt DPS.


​Lokalt DPS gjer ei vurdering av pasienten sine rettar og kan overføre behandlingsansvar (sekundærtilvise) til OCD-team ved mistanke om angst- og tvangsliding.

Noke av det viktigaste i 4-dagersformatet er at pasientane får terapeutassistert eksponering i sitt heimemiljø og teama tar imot pasientar frå sine primære opptaksområde.

Tilvisinga bør innehalde informasjon om varigheit av lidinga, aktuell tematikk for angst- og tvangstankar, tvangshandlingar og i kva grad dei påverkar funksjonsnivå / dagleg tidsbruk. 

Nokon tilstandar gjer at behandling ikkje kan gjennomførast på det aktuelle tidspunktet, men må utsetjast til forholda ligg betre til rette. Dette inkluderar blant anna aktiv bruk av rusmiddel, aktiv fase av psykose, i mani, svært høg suicidalfare.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.