Opplæring og godkjenning

For å tilby 4-dagarsformatet krevjast det ein formell avtale på klinikk / avdelingsnivå, opplæring av behandlarar og godkjenning.

 

For nye klinikkar 

Det er 4-dagars teamet i Helse Bergen ved Gerd Kvale og Bjarne Hansen som er ansvarleg for opplæring og godkjenning.

For å sikre robust og kvalitetssikra spreiing av 4-dagersformatet kan klinikkar som ønskjer å gi dette tilbodet inngå ein avtale med 4-dagars teamet i Helse Bergen som spesifiserar krav til den enkelte terapeut, til sjølve behandlinga og til den integrerte kvalitetssikringa.

Aktuelle klinikkar kan kontakte Gerd Kvale for informasjon om opplæring og godkjenning.

For klinikkar med avtale

Hospiteringsplassar hos opplæringsklinikkane kan bookast.

  • Kursdatoer for innføring i 4-dagars formatet finst på Innsiden (intranett i Helse Bergen). Det er kun behandlarar ved klinikkar med avtale som har anledning til å delta på kursa.

Innlogging for 4dagarsklinikkar

Opplæringsklinikkar

4-dagars teamet i Helse Bergen, angst- og tvangspoliklinikken ved Gaustad DPS og Solvang DPS i Kristiansand er opplæringsklinikkar i 4-dagars formatet. Det inneber at hospitering kan skje ved ein av desse klinikkane.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.