Medikamentfri behandling

Ved medikamentfri behandling mottek pasienten aktiv behandling for ei psykisk liding, utan bruk av medisinar.

Kvinne med notatblokk i sofa, mann med ryggen til. FotoPasienten får god informasjon om fordeler og ulemper ved dei behandlingsalternativa som finst, slik at pasienten kan velje kva behandlingsalternativ som er det beste for han eller ho.

Pasienten kan også velje om han eller ho ønskjer å bruke færre medisinar og / eller lågare dosar. Behandlaren skal gi pasienten god informasjon om eventuelle konsekvensar. Pasienten kan velge medikamentfri behandling der det er vurdert forsvarleg, sjølv i dei tilfella der behandlaren ikkje vurderer dette som eit optimalt behandlingsalternativ.

Det medisinfrie tilbodet skal vere del av det ordinære tilbodet i psykisk helsevern, og gjeld om du er innlagt til døgnbehandling eller om du går til poliklinisk behandling.

I Helse Bergen sitt opptaksområde er det frå 1. juni 2016 etablert eit pilotprosjekt med medisinfritt psykoseforløp. Prosjektet er eit samarbeid mellom dei seks distriktspsykiatriske sentra (DPS-a) i Helse Bergen sitt opptaksområde: Kronstad, Bjørgvin, Øyane, Solli, Betanien og Voss DPS.  Dei distriktspsykiatriske sentra samarbeidar om behandling av psykoselidingar uten medisinar. Forløpet gjeld også dersom pasienten ønskjer å trappe ned på medisinane.
 
Eksempel på terapeutisk behandling utan medisinar er:

  • Familie- og nettverksarbeid
  • Fysisk aktivitet og ernæring
  • Psykoedukasjon
  • Ulike psykoterapeutiske metodar
  • Fysioterapi
  • Individuell jobbstøtte (IPS)
  • Miljøterapi
  • Musikkterapi
  • Kunst- og uttrykksterapi
  • Anna
Meir informasjon om medikamentfri behandling på Helsedirektoratets nettsider