Retningslinjer for media på sjukehusområdet

Haukeland universitetssjukehus ønskjer å ha eit godt samarbeid med media når dei skal ha kontakt med pasientane våre. Vi har ein uttalt strategi og nedfelte retningslinjer som seier at tilsette ved sjukehuset skal leggje forholda til rette når pasientar vil møte media.

Det er viktig at dette skjer på ein måte som fungerer godt for alle partar. Vi har derfor retningslinjer for korleis vi ønskjer at media skal opptre for å vere minst muleg til sjenanse for andre pasientar og for arbeidet på sjukehuset:

  • Avdelingsleiinga skal alltid vere varsla før journalistane kjem til ei avdeling på sjukehuset.
  • Journalistane skal ta kontakt med dei tilsette på avdelinga med ein gong dei kjem.
  • Avdelingsleiinga skal godkjenne stad for filming.
  • Fotografar skal ikkje filme i korridorar utan først å ha avklart dette med avdelinga.

Når det gjeld filming i fellesareal på sjukehuset, skal dette avtalast med Kommunikasjonsavdelinga.

Første bod er altså å avtale intervju og filming med avdelingsleiinga. Det er leiaren for den enkelte avdeling som veit kva slags pasientar som er der, kor sjuke dei er, når og kor dei skal ha behandling/pleie, kva som kan verke uheldig inn på dei enkelte, planlagde aktivitetar på avdelinga osv.

Teieplikta er lovpålagt for alle tilsette, og dei er forplikta til å sørgje for at pasientane ikkje blir eksponerte i media dersom dei ikkje ønskjer det sjølve. Dette er vanskeleg å ivareta dersom filmteam startar opptak på ei avdeling utan å varsle dei som har ansvaret for pasientane og aktiviteten på avdelinga. Det same gjeld radiointervju eller andre intervju. Dei som jobbar på avdelinga må få mulegheit til å informere dei pasientane som er på avdelinga.
 
Det er også viktig at det ikkje blir gjort filmopptak / fotografering i korridorane på sjukehuset utan at det er klarert.

Eit sjukehus er ikkje eit kjøpesenter. Mange av dei som f​erdast i gangane her er i en svært sårbar situasjon. Kanskje har dei nettopp fått beskjed om at dei har ein sjukdom som dei ikkje kan bli friske frå, kanskje kjem dei rett frå sjukeleiet til ein ektefelle, eit barn eller andre av sine kjære.

Daglig døyr det i gjennomsnitt tre personar her på sjukehuset - det er alltid menneske i korridorane våre som er i ein særdeles vanskeleg situasjon. Vi er derfor opptatt av at dei skal sleppe å bli møtt av eit kamera når dei rundar eit hjørne eller bli stoppa av ein journalist som ønskjer eit intervju. Mange reagerer negativt på det.

Desse retningslinjene er ikkje laga for å vere firkanta eller for å gjere jobben vanskelegare for journalistar og fotografar, men av omsyn til pasientane våre. Vi håper på forståing for dette

Journalistar er velkomne til oss. Vi legg gjerne til rette for dykk. Men vis omsyn!

Spørsmål eller problem knytt til kontakt med pasientar eller avdelingar?

Ring Kommunikasjonsavdelinga:

Telefon dagtid: 55 97 60 00
Heimevakt ettermiddag/helg: 95 89 04 45