Retningslinje for lyd-, foto og filmopptak ved Haukeland universitetssjukehus

Stadig fleire pasientar og pårørande vel å dele opplevingane sine på sjukehuset gjennom sosiale media. Sosiale media er ein flott måte å kommunisere med omverda på, og Haukeland universitetssjukehus er positive til dette.

Vi ser det som ein moglegheit for å formidle informasjon om sjukehuset og tilboda våre. Samtidig ser vi at bruken av sosiale media stiller oss overfor nokre etiske problemstillingar, ikkje minst med tanke på pasientar og brukarar sitt personvern.

Det er derfor nyttig å ha ei retningslinje for lyd-, foto og filmopptak ved Haukeland universitetssjukehus

Formålet med denne retningslinja er å sikre at lydopptak, fotografering og filming ved sjukehuset skjer på ein måte som ivaretar både pasientar, pårørande og tilsette sine interesser og rettar. Samtidig skal vi ivareta krav og forventningar til innsyn og openheit.

Samtykke

Retningslinja skal først og fremst bidra til at teieplikta ved sjukehuset blir ivaretatt. Det skal ikkje gjerast opptak av pasientar/pårørande eller tilsette utan at det føreligg eit gyldig samtykke. Alle, både pasient, pårørande og tilsette, kan nekte å late seg fotografere eller filme. For umyndige er det føresette eller verje som gir skriftleg samtykke på den umyndige sine vegne.

Det følgjer av åndsverklova § 45c at fotografi som avbildar ein person ikkje kan bli gjengitt eller visast offentleg utan samtykke av den som er avbilda.

Retningslinja gjeld førespurnad om lyd-, foto- og filmopptak frå pasientar, pårørande og andre privatpersonar. Retningslinja gjeld der det blir ytt helsehjelp i sjukehuset sin regi på sjukehuset sitt område.

Det føreligg eigne retningslinjer for media og andre profesjonelle aktørar når det gjeld lyd,- foto og filmopptak.

Reglar for opptak

Lyd-, foto og filmopptak som involverer helsepersonell i arbeid skal berre skje etter samtykke frå personellet.

Helsepersonell kan stille som vilkår at opptaket berre skal brukast i private samanhengar. Det vil seie at opptaket ikkje skal publiserast/visast offentleg, heller ikkje ved å poste opptaket i private kontoar på sosiale media. Slike vilkår skal dokumenterast i pasienten sin journal.

Tilsette har ikkje plikt til å la seg fotografere, eller til å vere med på lyd-, og/eller filmopptak utført av privatpersonar mens dei arbeider på sjukehuset sitt område.

Publisering av opptak som involverer helsepersonell skal ikkje gjerast utan godkjenning frå nærmaste leiar ved sjukehuset og frå den det er tatt opptak av. 

Lovgrunnlag for retningslinjene
Haukeland universitetssjukehus har råderett over alle lokale dei eig eller leiger og bestemmer under dette kva reglar som skal gjelde ved verksemda. Helsepersonell har teieplikt etter helsepersonellova § 21, og det følgjer av spesialisthelsetenestelova § 2-2 at sjukehuset skal legge til rette tenestene sine slik at personell som utfører tenestene blir i stand til å overhalde dei lovpålagte pliktene sine. Det følgjer av åndsverklova § 45c at fotografi som avbildar ein person ikkje kan bli gjengitt eller visast offentleg utan samtykke av den avbilda.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.