Mediekontakt

Vi hjelper journalistar med opplysningar og formidlar kontakt med ulike fagfolk eller leiinga ved sjukehuset så langt råd er.

Kontakt Kommunikasjonsavdelinga:

  • info@helse-bergen.no
    Vi les kun e-post kvardagar i ordinær kontortid dersom ikkje anna er avtalt.
  • Telefon: (+47) 55 97 60 00 - kvardagar kl. 08.00 - 15.30
  • Vakttelefon: (+47) 95 89 04 45 - utanom vanleg kontortid. Vi har heimevakt og er ikkje til stades på sjukehuset. Førespurnader som ikkje er akutte bør skje på kvardagar i kontortida.


 

Digitale pressemeldingar

Enkle pressemeldingar om tilstanden til pasientar som har vore involvert i ulykker blir lagt ut på nettsidene våre. ​

Kontakt oss dersom det av ulike årsaker er vanskeleg å få pressemeldingar, ved større ulykker eller når du treng kontakt med ulike fagfolk eller leiinga ved sjukehuset.

Våre digitale pressemeldingar​ blir lagt til heile døgnet, men det er ingen oppdateringar av pressemeldingar om tilstanden til pasientar på vakttelefonen mellom kl. 22.00 og 08.00. Ver vennleg og ikkje ring vakttelefonen for oppdateringar i dette tidsrommet.​

Presseme​ldinger

Retningslinjer for lyd-, foto og filmopptak

Haukeland universitetssjukehus ønskjer å ha eit godt samarbeid med media når dei skal ha kontakt med pasientane våre. Vi har ein uttalt strategi og nedfelte retningslinjer som seier at tilsette ved sjukehuset skal leggje forholda til rette når pasientar vil møte media.​

Retningslinjer for media på sjukehusområdet Retningslinje for lyd-, foto og filmopptak på Haukeland universitetssjukehus 

Fritak frå teieplikta

Teieplikta til dei helsetilsette er lovfesta i Lov om helsepersonell og i  Lov om pasientrettigheter. Det hender at pasientar og/eller pårørande gir helsepersonell fritak frå teieplikta. Eit slikt fritak må gjelde all relevant informasjon og skal så langt råd er, ikkje avgrensast til eitt medium.

Om pasienten eller pårørande fritar nokon frå teieplikta, inneberer det likevel ikkje ei opplysningsplikt overfor media. Legar og anna helsepersonell skal gjere ei sjølvstendig vurdering om i kva grad opplysningar skal bli gitt, og kan avslå å gi opplysningar til pressa utan ei nærmare grunngjeving. Omsynet til kva som er til beste for pasienten skal vege tyngst.

Skjema: "Fritak frå teieplikta" (word)

Mediekontakt mellom tilsette og media

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus skal vere open for innsyn og tilgjengeleg for media.

Retningslinje for tilsette

Offentleg postjournal

​Dersom du ønskjer innsyn i dokument, kan du kontakte oss.​

Offentle​g postjournal

Logo og profilmanual

Sjå våre logoer​ og fargar​

Leiinga ved sjukehuset

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har ein flat leiarstruktur. I alt 28 direktørar på divisjons-, klinikk- og avdelingsnivå rapporterer direkte til administrerande direktør.

Sjå oversikten over leiinga ved sjukehuset

Styret og styresaker

Styret har det øverste ansvaret for drifta av sjukehuset. Styret i Helse Bergen består av representantar som er oppnemde av Helse Vest og representantar som er valde av dei tilsette. Alle representantane er likestilte i styret.

Styredokument og meir ​om styret

Bilete frå sjukehuset

Vil du bruke våre bilete, kontakt Kommunikasjonsavdelinga

Du finn tilgjengelege bilete på Flickr

3-3 meldingar om uønska hendingar

Alle sjukehus er lovpålagt å melde frå til Kunnskapssenteret om alvorlege hendingar som har ført til eller kunne ha ført til betydeleg personskade i tråd med meldeplikta i § 3-3 i Lov om spesialisthelsetenesta.

Sjå 3-3-meldingar om uønska hendingar