Årsaka til dette er at personar med svekka immunforsvar er meir utsett for å bli smitta og å utvikle alvorleg infeksjon. Dessutan verkar vaksinane dårlegare når ein er immunsvekka.
Ved å gi ein tredje dose, aukar moglegheiten for å bli beskytta. Det er ikkje andre biverknadar etter ein tredje dose enn dei som er kjent etter første og andre dose. Ein nyttar anten PfizerBioNTec eller Moderna si vaksine uavhengig av kva som er gitt tidlegare. Anbefalt doseintervall mellom andre og tredje dose er 4 veker.
Folkehelseinstituttet har gitt retningslinjar for kven som får tilbod om ein tredje dose med vaksine. Det er personar som har bestemte sjukdommar som fører til svekka immunforsvar og personar som får medisinsk behandling som svekkar immunforsvaret. Desse er delt i 2 grupper:
Gruppe 1
Organtransplanterte, beinmargstransplanterte dei siste 2 åra, alvorleg og moderat medfødd immunsvikt, alvorleg nyresvikt (stadium 5) eller i aktiv dialyse, avansert eller ubehandla hiv-infeksjon
Gruppe 2
- Pasientar med pågåande betydeleg immundempande behandling av anna årsak. Pasientar som brukar immundempande medisinar, som står på lista frå dei fagmedisinske miljøa, kan kontakte kommunen direkte. Dei må kunne vise fram dokumentasjon på medisinbruk i form av vaksinebrev frå spesialisthelsetenesta, journalnotat, resept /e-resept eller medikamentforpakning kor pasientens namn fremgår.
- Kreftpasientar med aktiv eller nyleg gjennomgått immundempande behandling. Desse må foreløpig ha vaksinebrev frå spesialisthelsetenesta, fordi det må gjerast ein individuell vurdering for å få best effekt av vaksinen og unngå unødvendige biverknadar.
- Pasientar som av ansvarleg legespesialist er vurdert å ha svært nedsett immunforsvar og som ikkje inngår i ein av gruppene ovanfor.
Korleis får du vaksinen?
- Nokon få pasientar som ligg lenge på sjukehus eller som hyppig møter på sjukehuset, for eksempel dialysepasientar, vil få vaksine på sjukehuset.
- Ein del pasientar vil få tilsendt ein attest frå sjukehuset og kan vise denne til vaksinekontoret i bustadskommunen.
- Mange pasientar som brukar medisinar som fører til nedsett immunforsvar, kan ta med resept eller anna legemiddeldokumentasjon til vaksinekontoret i bustadskommunen.
Liste over kva medisinar dette gjeld, finn du på FHI sine sider