Reproduksjonsraten i Helse Bergen sitt opptaksområde

R-verdien for veke 20 var søndag 17. mai 2020 estimert til 0,4 med ein feilmargin frå 0 til 0,8.

Veke 20

Helse Bergen har ikkje hatt nye innleggingar av pasientar med påvist covid-19 i veke 20, men det har vore ei ny innlegging ved Haraldsplass Diakonale Sykehus (HDS). R-verdien for Helse Bergen
sitt opptaksområde (HDS, Voss sjukehus og Haukeland universitetssjukehus) søndag 17. mai 2020 vart difor berekna til 0,4 med ein feilmargin frå 0 til 0,8 basert på talet på innleggingar. Ein må i vurderinga av R-verdien ta omsyn til at antatt tal på smitta personar i befolkninga no er på ei lågt nivå.


Slik blir reproduksjonsraten i Helse Bergen sitt opptaksområde berekna

Reproduksjonsraten (R) for COVID-19 smitte, viser kor mange personar ein smitta person i gjennomsnitt smitter. R gir difor ein indikasjon på kor raskt smitte vert spreidd.

Berekninga er basert på antatt tal nye smitta i befolkninga over tid, og blir estimert på grunnlag av tal nye innlagte pasientar i sjukehus1. Berekninga er eit lokalt supplement til Folkehelseinstituttets (FHI) berekningar nasjonalt og per fylke, som regelmessig vert publisert på FHI sine nettsider2. Den lokalt berekna R-verdien er punktverdiar, mens FHI bereknar eit gjennomsnitt over eit lengre tidsvindauga.
FHI sitt R-tal og det lokale R-talet kan derfor ikkje samanliknast direkte, og berekningsmåten er óg litt forskjellig.  

Usikkerheit

Det er usikkerheit knytt til estimeringa av R, og R-verdiane er sensitive for svingingane i talet på innleggingar. Usikkerheita er høgare når smittetalet er veldig lågt, og omvendt. Det grå skraverte feltet i diagrammet under viser usikkerheita (feilmarginen) og utgjer eit konfidensintervall på 95 %. Vi tilrår derfor å bruke resultata med varsemd, og for å sjå trendar eller generelle observasjonar.

Sidan R-verdien under er berekna ut frå tal innlagte på sjukehus, representerer R-verdien smitteveksten for ca. 10-14 dagar tilbake i tid,  sidan det tar ca. 10-14 dagar frå ein person blir smitta
til vedkommande eventuelt blir innlagt på sjukehus.

 

reproduksjonsnummer uke 19

Diagrammet viser utviklinga i R for heile Helse Bergen sitt opptaksområde (Voss sjukehus, Haraldsplass diakonale sykehus og Haukeland universitetssjukehus). 


Innleggingar og utskrivingar i Helse Bergen

Under følger to diagram som viser tal på innleggingar og utskrivingar for pasientar med påvist koronavirus i Helse Bergen (Voss sjukehus og Haukeland Universitetssjukehus) dei siste 6 vekene.

Når det gjeld tal for pasientar som er skrive ut som døde, kan årsak vere knytt til annan diagnose enn COVID-19.

bilde av tabell: antall innskrevet uke 19

bilde av tabell: antall utskrevet uke 19

Merknader i teksten over

1. Det blir berekna ein tidsavhengig R-verdi via R0-package i programmet «R» som er basert på arbeidet Wallinga, J., and P. Teunis. "Different Epidemic Curves for Severe Acute Respiratory Syndrome Reveal Similar Impacts of Control Measures." American Journal of Epidemiology 160, no. 6 (2004): 509.

2. https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/koronavirus-modellering/

Fann du det du leita etter?