Rehabilitering i sjukehus etter covid-19

Ut frå studiar på pasientar med akutt lungesvikt og «post intensive care syndrom», kan vi forvente at mange pasientar vil ha behov for rehabilitering etter å ha vore gjennom covid-19-sjukdom med eit alvorleg forløp.

bilde: benker foran skog og vann
 

Rehabiliteringsbehovet kan mellom anna gjelde tap av muskelkraft, kognitive funksjonsnedsettingar, emosjonell affeksjon, nedsett lungefunksjon, svelgvanskar og smerter. Det er òg sett at covid-19 kan påverke sentralt og perifert nervesystem.

Det vil vere viktig at vi deler erfaringar om denne diagnosegruppa på tvers nasjonalt. For sjølv om funksjonsutfalla er kjent for oss, så veit vi mindre om langtidsutfalla til denne pasientgruppa. Rehabiliteringsklinikken er i dialog med rehabiliteringsmiljøa i Noreg, for å standardisere testing, slik at ein kan samle erfaring/data om covid-19 forløp.

Nokre pasientar med gjennomgått covid-19 sjukdom, og krevjande akuttforløp vil ha behov for spesialisert rehabilitering i sjukehus.


Kva er Rehabiliteringklinikken?

Rehabiliteringsklinikken på Nordås er sjukehusets eining for spesialisert rehabilitering, og driv høgspesialisert medisinsk rehabilitering. Vi har lang erfaring med pasientar med rehabiliteringsbehov etter alvorleg sjukdom og langvarig respiratorbehandling, og spesielt med nevrorehabilitering. Vi tilbyr kunnskapsbasert rehabilitering og tek imot pasientar både til rehabiliteringsopphald, og for vurdering av rehabiliteringsbehov. Innlegging hos oss vil vere spesielt aktuelt for pasientar med komplekse og samansette motoriske, sensoriske og kognitive utfall.

Les meir om Rehabiliteringsklinikken