Pasientar får dekka køyring med eigen bil

På grunn av koronavirus-utbrotet er det innført ei midlertidig rettighetsendring for pasientreiser frå 12.mars, som gjer at pasientar no får dekka eigen bil med tilleggsutgifter.

Dette er både for å forhindre smitte av koronavirus via offentleg og rekvirert transport, men også for å kunne stille tilrettelagt transport til rådvelde for dei brukarane som treng dette mest i tida framover. Vi tar imot bestillingar for pasientar med behov der det ikkje er mistanke om smitte.

Pasientar kan søke om å få dekka reiseutgiftene sine digitalt på helsenorge.no, eller ved å sende søknad på papir.

Rettighetsendringa er midlertidig.