Det er eitt år sidan dei første vaksinedosane mot covid-19 vart satt hos oss og køen var lang fordi vi ikkje fekk inn vaksine so raskt som vi ønskte. No har vi rikeleg tilgang på vaksine, men vi slit litt med å få tak i tilsette som vil la seg vaksinere. Kanskje du er ein som nølar og tenkjer at det ikkje hastar? Eller kanskje du lurer på om det er naudsynt og om det er trygt nok?
Vaksinering er frivilleg, vi tvingar ingen, men helsemyndigheitene og fagfolk er einige om at det er en fordel for den enkelte, og samfunnet, om alle som kan ta vaksinen (og det er nesten alle), gjer det.
Vi veit at vaksinane vi brukar mot covid-19 beskyttar godt (mer enn 90 prosent risikoreduksjon) mot alvorleg sjukdom og død når vi er fullvaksinerte (2 doser), og vi veit at ein tredje dose tatt minst 4,5 månader etter andre dose gir auka effekt av vaksinen.
Rapportar frå dei siste vekene visar også at vaksinen beskyttar mot sjukdom forårsaka av omikron-varianten av SARS-CoV-2. Vaksinen gjer også redusert risiko for å overføre smitte, men resultatane her er meir usikre fordi det er vanskeleg å vurdere reduksjon i smitterisiko med bakgrunn i dei studiane som finst.
Om lag 97,5 prosent av alle tilsette i Helse Bergen har fått minst éin vaksinedose, og 62 prosent har fått sin tredje dose.
Bedriftshelsetenesta sine statistikkar viser at om lag 2000 ansatte passerar 4,5-månader sidan andre dose i desse dagar, så hvis du er ein av desse, så hastar det med å reservere time.