Unngå karantenesmell og trekk i løn etter ferien

– Det kviler eit særleg ansvar hos helsepersonell om å halde seg oppdatert på kva slags råd som gjelder for å unngå å hamne i karantene etter reise i ferien, fortel Fagdirektør Marta Ebbing.

​Risiko for smitte og sjukdom er betydeleg i land og områder i utlandet, som er omfatta av karanteneplikta. Om ein vel å reise til desse landa/områda, må karantenetida bli unnagjort innan ferien er omme, elles kan det bli trekk i løn.

Hald deg oppdatert på kva slags land og område du kan reise til, men ver oppmerksam på at det også kan endre seg i løpet av opphaldet.

Om du reiser til gule områder, må du testast for smitte dersom du skal tilbake på jobb før karantenetida er over. Negativt prøvesvar må i dette tilfelle vere på plass innan du kan begynne å jobbe igjen. Dette gjeld for dei som kjem frå gule land, reiser til raude land utløyser karanteneplikt og karantenetida kan ikkje forkortast med negativ test.

I tillegg er det viktig å vere klar over at unntak frå karanteneplikta for helsepersonell, skal bestemmast av sjukehusleiinga. Her finn du retningslinen for innleige av personell og tilsette frå utlandet.

– Vårt viktigaste bodskap som arbeidsgjevar er at du tek vala om kor du dreg med dette i mente. Vi ønskjer alle våre tilsette på plass på jobb igjen når dei har hatt ein vel fortent sommarferie, seier Ebbing.

Les meir her: