Tiltak i samband med mutert koronavirus - tilsette

Sjukehusa på Vestlandet endrar no tiltaka i samband med det muterte koronaviruset. - Den viktigaste endringa er at områda på austlandet som tiltaka vil omfatte har blitt konkretisert til dei aktuelle kommunane nær utbrotet, seier fungerande fagdirektør Stig Harthug.

Tiltaka vi gjelde pasientar og tilsette som har vore i følgande kommune dei siste 10 dagane; Nordre Follo, Enebakk, Frogn, Indre Østfold, Moss, Nesodden, Oslo, Vestby, Våler, Ås,  Asker, Aurskog-Høland, Bærum, Drammen, Horten, Lier, Lillestrøm, Lunner, Lørenskog, Marker, Nittedal, Rakkestad, Rælingen, Råde og Skiptvedt.

Oversikten over aktuelle kommunar vil bli oppdatert ved endringar.

Tiltaka

- Konkretiseringa gjer at færre blir omfatta av tiltaka, til dømes dei som har vore på fjellet i Hallingdal eller Hardangervidda der mange av våre tilsette og pasientar ferierer, seier Harthug.

Pasientar, studentar og tilsette som har vore i aktuelt område i aktuelt tidsrom og allereie er eller blir akutt innlagd skal testast for covid-19-smitte og isolerast inntil negativt prøvesvar føreligg.

Planlagt behandling for pasientar som har opphaldt seg i aktuelle kommunar dei ti siste dagane kan vurderast utsatt i minst ti dagar, dersom det er medisinsk forsvarlig. Alternativt skal ein teste seg dersom det er mogeleg, negativ test vil oppheve ti dagars utsetjing.

- Tilsette som har vore i aktuelt område i aktuell tidsperiode skal avlegge negativ test før retur til jobb. Ved negativ test skal munnbind uansett brukast i all pasientkontakt innan 1 meter i ti dagar. Det vert anbefalt retesting etter 7 dagar.

Bruk av munnbind på sjukehus
I alle situasjonar der det ikkje er mogeleg å oppretthalde ein meter avstand skal tilsette nytte munnbind, foreløpig gjeld dette i to veker. Polikliniske pasientar og besøkande bør nytte munnbind i situasjonar der det ikkje er mogeleg å halde 1 meters avstand. 

Helse Bergen minner om anbefalinga om bruk av heimekontor der dette er mogeleg.