Rosar dei tilsette for å vere gode på smittevern

Av 140 medarbeidarar i heimekarantene er det berre ei handfull som har testa positivt så langt.
- Det er bra, og det tyder på at medarbeidarane i sjukehuset er flinke til å følgje smittevernreglane, seier administrerande direktør Eivind Hansen.

Han er glad for at smittetilfella blant tilsette den siste veka ikkje ser ut til å ha ført til at mange nærkontaktar er smitta.
- Det kan sjølvsagt bli fleire, men talet er uansett lågt. Det betyr at medarbeidarar er flinke til å halde seg heime når dei får symptom, slik at vi har unngått smitte til kollegaer. Det tyder også på at vi er flinke til å halde avstand, seier Hansen.
Han understrekar samstundes at ingen skal ha dårleg samvit om dei blir sjuke av covid 19.
- Smitten i samfunnet har vore aukande den siste tida, og trass i avstand og god handhygiene kan alle likevel bli utsett for smitte.

Alle berørte blir kontakta

Smittetilfella blant tilsette er knytt til ulike utbrot i Bergen kommune. Dei tilsette som har fått påvist smitte, jobbar ved mange ulike klinikkar og avdelingar i sjukehuset.
- Vi vil understreke at vi ikkje har eit smitteutbrot i sjukehuset. Dei som er nærkontaktar og må i karantene, vil få beskjed, seier smittevernoverlege Dorthea Hagen Oma.
Fredag 11. september rapporterte Helse Bergen at vi har 140 tilsette i heimekarantene.
Det er tatt 1031 prøvar av tilsette på Haukeland testsenter frå 1. september og fram til i dag. Av desse har 19 testa positivt.

Eg har positiv test, må kollegaene mine få vite det?

Det å få påvist smitte med koronaviruset er ei personleg helseopplysning og er underlagt teieplikt, med mindre informasjonen må formidlast vidare grunna smittesporing. Den tilsette vil også måtte halde seg heime frå arbeid. Det er likevel ingen automatikk i at kollegaer som ikkje er berørt av smittesporinga, skal informerast dersom ein medarbeidar har fått påvist smitte.
- Vår erfaring er at få tilsette ønskjer å halde slikt hemmeleg for eigen sjef og for kollegaer, seier smittevernoverlege Dorthea Hagen Oma.
- Vi oppmodar vanlegvis leiarar om ta kontakt med sine tilsette og diskutere om det er greitt at dei informerer kollegaer om situasjonen, dersom dei ser at det er behov for det.
- Ved å vere opne unngår ein også rykte og spekulasjonar, men det er altså den tilsette sjølv som «eig» prøvesvaret og informasjonen om det.

Også Oma understrekar at alle kan bli smitta av koronavirus, og at det ikkje er noko å vere flau over.
- Kven som blir smitta er tilfeldig, eit virus er ikkje sjølvpåført eller viljestyrt. Og skulle ein først få påvist smitte, er det viktig å følgje dei reglane som trer i kraft då.