Oppmodar alle tilsette om å la seg vaksinere mot COVID-19

Det er no berre 657 av Helse Bergen sine tilsette som enno ikkje har starta med vaksinering. 
​-​ Vi veit ikkje kvifor, men nokre er gravide og vil vente, nokre har hatt covid-19 og skal vente. Men dette er ikkje forklaring nok, seier Stig Harthug, leiar for vaksinasjonsutvalet.

- Det er frivillig å ta vaksinen, men vi oppmodar alle tilsette om å ta imot vaksine – anten hos oss eller i kommunen, seier Harthug.