HELSENORGE

Nye nasjonale karanteneregler fra 15. desember

Frå onsdag 15. desember er det nasjonal karanteneforskrift som gjeld. Det er felles reglar for isolasjon og smittekarantene uavhengig av virusvariant.


​Nærkontaktar blir framleis delt inn i to ulike kategoriar; «husstandsmedlemmer/tilsvarende nære» og «øvrige nærkontakter»
Dei strengaste karantenereglane gjeld for personra i smme husstand som ein som er smitta.


Kven skal i smittekarantene – dette gjeld generelt:
Den som er husstandsmedlem eller tilsvarande nær ein bekrefta smitta person, og som har hatt nærkontakt med den smitta mindre enn 48 timar før den smitta fekk dei første symptoma på smitte, eller frå prøvetidspunktet dersom personen ikkje utvikla symptom, skal i smittekarantene med moglegheit for å teste seg ut etter 7 døgn.
"Tilsvarande nære" kan for eksempel vere kjærastar som ikkje bur saman.
Øvrige nærkontaktar kan teste seg ut etter 3 døgn, men må framleis vere i fritidskarantene til negativ test etter 7 døgn.


Helsepersonell (samfunnskritisk personell) har unntak frå smittekarantene i arbeidstida:
- Tilsette (uansett vaksinasjonsstatus) i kategorien «øvrig nærkontakt» har fritak frå smittekarantene i arbeidstida etter å ha testa negativt med antigen hurtigtest same dag som arbeidet skal gjennomførast
- Fullvaksinerte tilsette i kategorien «husstandsmedlemmer og tilsvarende nære» har fritak frå smittekarantene i arbeidstida etter å ha testa negativ med antigen hurtigtest same dag som arbeidet skal gjennomførast.


Generelle unntak frå smittekarantene som gjeld alle
Dei som har gjennomgått covid-19 i løpet av dei siste 3 månader med varigheit frå avisolering til 3 månader etter prøvedato
Dei som har fått oppfriskingsdose (3. vaksinedose) for minimum 1 veke sidan, men for nærkontaktar i kategorien husstandsmedlemmer og tilsvarande nære forutset unntak dagleg testing med antigen hurtigtest eller annakvar dag med PCR-test i 7 døgn etter nærkontakten. Øvrige nærkontaktar treng ikkje testast.
Dei som er under 18 år og ikkje husstandsmedlem eller tilsvarande nære den smitta.
Det betyr at barn under 18 år berre skal i smittekarantene dersom dei er husstandsmedlem eller tilsvarande nær den som er smitta. Dei kan teste seg ut med PCR på dag 7, slik som vaksne.


Kven skal i isolasjon?
Personar som er bekrefta smitta av SARS-CoV-2 men ikkje har symptom skal isolere seg i 6 døgn (ikkje fem, som tidlegare) rekna frå tidspunktet test med positivt resultat for SARS-CoV-2 vart avlagt.
Personar som er bekrefta smitta av SARS-CoV-2 og har symptom skal isolere seg i minimum 6 døgn (ikkje fem, som tidlegare) frå symptoma starta. Isoleringa skal ikkje avbrytast før personen har vore feberfri i minst 24 timar, utan å bruke febernedsettande medisin.


Vi oppfordrar alle våre tilsette om å fortsette med det gode smittevernet og å ta imot 3. dosen med covid-19 vaksine. Bestill time til vaksinering no, om du ikke alt har gjort det. 

 

Aktuelle lenker: