No byrjar 3. runde med vaksinering i Helse Bergen

Helse Bergen har fått leveranse med Pfizer-vaksine som skal settast som 1. dose til uvaksinerte tilsette dei neste vekene. 

Beredskapsutvalet har klarert fordeling av følgande porsjonar:

  1. Dei som fekk tildelt AstraZeneca-vaksinar men som ikkje rakk å bli vaksinerte før vaksinestopp.
  2. Tilsette med kritisk funksjon (pasientkontakt) i klinisk arbeid med alder 64+ og/eller risiko for alvorleg sjukdom ved covid-19-infeksjon. 
  3.  Andre tilsette i kritisk pasientarbeid med smitterisiko.
For punkt 1. -3:
Vel ut prioriterte og send vidare informasjonsskriv og lenke for booking til det talet på tilsette du har fått vaksine til. 
 
Vaksinasjon skjer torsdag 25. mars, fredag 26. mars og tysdag 30. mars i HSI-hallen.
Vi klarer ikkje å få vaksinert alle før påske fordi vi ikkje får nok leveransar. Det vil derfor bli sett opp fleire dagar i veke 14 (dette kjem det meir informasjon om seinare). 
 
For praktiske spørsmål, ta kontakt med Maren Marie Karlsen, BHT maren.marie.karlsen@helse-bergen.no
 
Betanien må melde inn namn og personnummer til Bedriftshelsetenesta. Det same gjeld Psykiatrisk divisjon for dei dosane som skal fordelast til private ideelle.
 
Det er venta ei avklaring om fordeling til avtalespesialistar og private samarbeidspartnarar om kort tid. 

Slik blir denne leveransen med vaksinar: 
Eining
Kirurgisk klinikk 56
Voss sjukehus36
Kirurgisk serviceklinikk 160
Lungeavdelinga
13
Mottaksklinikken 26
Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk40
Barne- og ungdomsklinikken46
Drift- /teknisk divisjon60
Forskings- og utviklingsavdelinga6
Hjarteavdelinga
56
ReHabiliteringsklinikken 13
Kvinneklinikken 47
Laboratorieklinikken 61
Medisinsk klinikk 52
Nevroklinikken 33
Ortopedisk klinikk 61
Augeavdelinga
18
Personal- og organisasjonsavdelinga
23
Divisjon psykisk helsevern + private ideelle151
Radiologisk avdeling 31
Avdeling for rusmedisin 54
Yrkesmedisinsk avdeling6
Revma7
Hud11
Hode/Hals25
Betanien (somatiske)16
HDS60
Totalt1168















Informasjon frå Helse Vest om vaksineleveransen:

l. Vaksineleveranse i veke 12 og 13

Helse Vest vart kvelden 19. og laurdag 20. mars informert om at spesialisthelsetenesta får fleire vaksinedosar i veke 12 og 13, talet på tildelte vaksinar i desse vekene og tidspunkt for levering. Utover ein ekstra leveranse av Pfizer og Moderna-vaksinar reservert Helse Sør-Øst og Helse Nord i veke 12, vil det også kome ein vesentleg leveranse med Pfizer- vaksinar til bl.a. Helse Vest i veke 13. 

Det har tidlegare vore annonsert at det ville kome Pfizer-vaksinar til Helse Vest i veke 11 og 12 med tanke på vaksinering av medarbeidarar over 65 år, og medarbeidarar under 65 år med bakanforliggande sjukdom. 

Under er oppdatert informasjon om forsyningar av vaksinar som kjem i veke 12 og 13.
Om det skulle vere avvik mellom tidlegare informasjon og det som står her, er det det som står i dette dokumentet som gjeld. 

I ein situasjon med eit betydeleg smitteutbrot i Helse Fonna sitt område, ein lite føreseieleg situasjon i regionen elles og krav frå FHI om leveringsinformasjon for veke 13 allereie måndag 22. mars, har Helse Vest halde fast ved ei fordeling av vaksinar i veke 11, 12 og 13 basert på folketal i Helseføretaka. Med det store talet vaksinar som kjem i veke 13, blir det rekna som viktigare å få desse vaksinane sett så fort som mogleg, enn å ha ein prosess som uansett vil kunne flytte på få vaksinar, kunne forseinke bruken, og ikkje nødvendigvis treffe den framtidige smittfordelinga i regionen.

Tala er basert på 6 dosar pr. hetteglas, der det fortsatt er like viktig å sørge for at så mange som mogleg av hetteglasa kan gje 7 dosar. Med ein 7. dose ligg det eit potensiale for å gje dose 1 til ytterlegare 798 medarbeidare basert på levering i veke 11, 12 og 13.

A. Leveransar i vekene 11 og 12:

Samla får Helse Vest 139 hetteglass med 834 doser i kvar av desse vekene.
Helse Vest har bedt FHI om følgande levering:
• Stavanger:      46
• Haugesund:    23
• Bergen:           57
• Førde:             13

Leveransen skal kome på måndag i kvar veke, slik at vaksinering med dei utleverte dosane kan starte på tysdag.

B. Leveranse i veke 13 (Påske)

Samla får Helse Vest 520 hetteglas med 3120 dosar.
• Stavanger:      173
• Haugesund:    84
• Bergen:           214
• Førde:             49                    

Leveransen skal kome på måndag etter Palmesøndag, slik at vaksineringa kan starte tysdag.

II. Kven skal få vaksine:

Når det gjeld vurderinga Helse Vest legg til grunn for kriteria under, blir det vist til e-post sendt fagdirektørane med kopi til bl.a. AD-ane 14.mars kl. 17.11.
Alle dosar som blir gitt ut i veke 11, 12 og 13 vil bli brukt som dose 1 til tidlegare uvaksinerte.
 

A. Medarbeidarar over 65 år eller med bakanforliggande sjukdom.

Medarbeidarar over 65 år eller med bakanforliggande sjukdom, som ut frå funksjon/kritikalitet skal ha vaksinen, men tidlegare var uaktuelle for vaksinering med AstraZeneca-vaksinen, får vaksine no. Dette er i utgangspunktet ikkje prioritering av ei ny gruppe, men ei fullføring av vaksineringa av medarbeidarar med kritisk funksjon, der desse p.g.a. alder/bakanforliggande sjukdom ikkje kunne få AstraZeneca-vaksinen i forrige runde.

I utgangspunktet var dei planlagt utleverte dosane med Pfizer-vaksine i veke 11 og 12 tiltenkt medarbeidarar over 65 år eller medarbeidarar med underliggande sjukdom. 
I og med at ein no bruker same vaksine til alle, uansett alder eller underliggande sjukdom, kan ein sjå på forsyninga av Pfizer-vaksina i veke 11, 12 og 13 som ein leveranse som blir nytta på alle målgruppene ut frå kva som er praktisk hensiktsmessig. Det er altså ikkje slik at forsyningane i veke 11 og 12 er øyremerka dei over 65 år eller dei med bakanforliggande sjukdom: Det vesentlege er at denne gruppa får vaksinen i den samla leveransen som kjem i veke 11, 12 og 13.

B. Avtalespesialistar.

Alle avtalespesialistar i 100% stilling skal ha vaksinen. Vaksinering blir utført av det helseforetaket der den aktuelle avtalespesialisten geografisk har sin aktivitet. 
Hjelpepersonell hos avtalespesialistar får ikkje vaksine i denne omgang. 

Dette er både eit uttrykk for prioritering av eit begrensa tal vaksinar, at avtalespesialistane generelt er vanskelegare å erstatte enn hjelpepersonell, og at hjelpepersonell, samla sett, i mindre grad vil ha fysisk nærkontakt med pasientar. 

Dei betydelege konsekvensane pandemien etter kvert får for psykisk helse er også medverkande til denne prioriteringa av alle avtalespesialistar i 100% stilling, også innanfor psykisk helse.

Helse Vest vil oversende lister over desse avtalespesialistane med kontaktinformasjon til det enkelte helseføretaket, og vil sende ut eit generelt informasjonsbrev til avtalespesialistar.

Kontaktperson i HV-RHF når det gjeld informasjon om avtalespesialistar: Torleiv Bergland.
 

C. Beskytte funksjonar ved auka smitte.

Vaksinering av medarbeidarar etter dei same kriteria som i dei to tidlegare vaksinasjonsrundane: Å beskytte kritiske funksjonar for å kunne møte ein kraftig auke i smitte som fører til fleire covid-19 pasientar, og sørge for at andre funksjonar knytt til andre alvorlege og tidskritiske tilstandar vert beskytta og kan videreførast trass i auka smitte.

Dette gjeld både medarbeidarar i eige HF, dei sju private ideelle institusjonane med ikkje tidsavgrensa avtale, og private ideelle med tidsavgrensa avtale etter anbod. 

D. Særleg smitteutsette medarbeidarar.

Vaksinering av medarbeidarar som ikkje fell inn under kriterium C over, men som gjennom oppgåvene sine er spesielt utsett for smitte.
Dette gjeld både medarbeidarar i eige HF, dei sju private ideelle institusjonane med ikkje tidsavgrensa avtale, og private ideelle med tidsavgrensa avtale etter anbod.
 

E. SAV og HVIKT.

Det kan vere aktuelt å vaksinere ytterlegare eit avgrensa tal på medarbeidarar i desse organisasjonane. For SAV vil kriteria vere dei same som skildra under punkt C over, ved sida av å kunne oppretthalde vaksinedistribusjon. For HVIKT vil det som tidlegare vere aktuelt å vaksinere medarbeidarar som vil vere sentrale ved akutte driftsproblem i IKT-systema i regionen.

Vaksinasjonen vil måtte gjerast av HF i det HF-området der dei aktuelle medarbeidarane fysisk arbeider.

Det blir oppfordra om at det, som tidlegare, er kontakt mellom AD i SAV og HVIKT og det enkelte sjukehus-HF om kven som skal få vaksinen og den praktiske gjennomføringa.

F. Private kommersielle aktørar med avtale med Helse Vest.

Medarbeidarar her kan prioriterast for vaksinering gitt at dei har funksjonar det er sentralt å beskytte ved ein auke i smitte, jf. punkt C over.

III. Praktisk gjennomføring

Som tidlegare får kvart sjukehus-HF ansvar for fordeling av vaksinar og gjennomføring av vaksinering innanfor sitt geografiske område. Dette gjeld både medarbeidarar i eige HF, private ideelle med tidsuavgrensa og tidsavgrensa avtale, avtalespesialistar, HVIKT, SAV og private kommersielle aktørar som har avtale med Helse Vest RHF.

Helse Vest oppmoder kvart sjukehus-HF om å ha løpande dialog med aktørar utanfor eige HF for å sikre at det er kriteria for vaksinering skildra over, ikkje kor ein fysisk er tilsett, som avgjer kven som blir prioritert for vaksinering.

Helse Vest oppmodar sjukehus-HFa og SAV om å fortsette samarbeidet i forbindelse med vaksineringa, for rask distribusjon av vaksinar, og for å sørge for at opptrekk skjer med medarbeidarar som er godt trent for å sikre at 7 dosar kan trekkast ut av kvart hetteglas. 

Behov for rask gjennomføring:

Med tanke på smitteutviklinga er det sterkt ønskeleg at ein så stor del av vaksinane som mogleg kan settast før påskehelga. 
• HF-a blir derfor oppmoda om å straks sette opp/fullføre lister over aktuelle medarbeidarar som skal vaksinerast og førebu den praktiske gjennomføringa. 
• SAV blir oppmoda om å gjennomføre mottak og distribusjon av vaksinar levert frå FHI så raskt at ein kan få vaksinert eit betydeleg tal medarbeidarar frå tysdag 23. mars og tysdag og onsdag i påsken. 
• Vidare at medarbeidarar som ikkje er tilsett i sjukehus-HFa, HDS eller HSR, og som ein ikkje rekk å vaksinere før påske, får dette gjort i veka rett etter påske. 

Meir om vaksinering i Helse Bergen