Her er ei oversikt over digtale kurs/forelesingar du som tilsett kan gjennomføre heimefrå, uavhengig av om du har jobb-PC eller ikkje.
Opprett passord i Læringsportalen
Om du ønsker å logge deg på frå privat PC, må du logge deg på med brukarnamn og passord for å få kursa registrert på deg. Det er då viktig at du kjenner til ditt passord. Du må derfor lage deg eit passord i Læringsportalen når du er på jobb/er pålogga slik at du kan gjennomføre kursa heimefrå etterpå.
Korleis lage passord og registrere privat epostadresse i Læringsportalen
Om du ikkje kjenner ditt passord i Læringsportalen og ikkje har tilgang til jobb-PC slik at du får ordna dette, må du ta kontakt med Helse Vest IKT for å få passord tilsend på sms.
Jobbe i Kompetanseportalen heimefrå
Jobbar du heimefrå og har tilgang til Helse Bergen-nett/PC
Logg på Kompetanseportalen via innsiden på vanleg måte.
Jobbar du heimefrå utan Helse Bergen-nett på privat PC
Følg denne linken https://hv.dossier.no/profile og logg på med elektronisk ID. Du kommer rett inn i din Helse Vest profil i Kompetanseportalen. Ved spørsmål kontakt Helse Vest IKT på: 55 97 65 40 .
Loggar du på Kompetanseportalen frå mobiltelefon
- Last ned appen Dossier helse

- Vel Helse Vest og logg på med elektronisk ID. Du kjem rett inn i din Helse Vest profil i Kompetanseportalen.
- Ved spørsmål kontakt Helse Vest IKT på: 55 97 65 40
Opplæringsressursar i Læringsportalen
Vi har førebels følgande covid-19 relaterte opplæringsressursar i Læringsportalen:
Pandemiopplæring: Smittevernrutinar ved covid-19
v/Jorunn Kleiva, Spesialsjukepleiar, Seksjon for pasienttryggleik, HUS
Pandemiopplæring: ABCDE-forelesing
v/Marthe Alsaker Fjeldstad, Anestesisjukepleiar, Ferdigheitssenteret, HUS
Pandemiopplæring: Respirasjonsforelesing
v/Anette Storesund, Intensivspl, PhD, Rådgiver, Seksjon for helsetenesteutvikling, HUS
Pandemiopplæring: Behandlingsprinsipp forelesing
v/Knut Anders Mosevoll, Overlege Infeksjonsmedisinsk seksjon, HUS
Isolering - beskyttelsesutstyr ved covid-19
v/Jorunn Kleiva, Spesialsjukepleiar, Seksjon for pasienttryggleik, HUS
Noninvasiv ventilasjon ved covid-19 (V60)
v/Ove Arne Fondenæs, Overlege Lungeavdelingen, HUS
Pandemiopplæring: Forelesing respirasjonssvikt og oksygenbehandling
v/Solfrid Indrekvam, Overlege Lungeavdelingen, HUS
CPAP behandling med Flowsafe 2
v/Ove Arne Fondenæs, Overlege Lungeavdelingen, HUS
LTMV utstyr i sjukehus under covid-19Kurset omhandlar bruk av utstyr for langtidsmekanisk ventilasjon (heime-BiPAP og heimerespirator) i sjukehus ved mistanke om, eller bekrefta covid-19.
v/Ove Fondenæs, Overlege, Lungeavdelingen, HUS
Relaterte linkar
Dokument i Elektronisk kvalitetshandbok om korona:
EK-dokument om korona