Fredagsforelesning 18. desember 2020

Fredagsmøte med Eivind Hansen, administrerande direktør i Helse Bergen:

​Velkommen til fredagsforelesning.
Eg set pris på at du har tatt deg tid i ein travel kvardag til å høyre mine refleksjonar om dagane som er bak oss og dagane som kjem også etter dette semesteret. No er det definitivt blitt tradisjon at eg får denne siste fredagsforelesninga i semesteret. Det var Clara sin ide i 2017. Ho tenkte det kunne bli bra. Så tusen takk - eg har fått noko eg kan glede meg til og grue meg litt til.

Dette året har vore heilt ulikt alle andre år i mitt liv og i ditt liv. Globalt, nasjonalt og lokalt har vi blitt treft av ein pandemi som mange av oss ikkje såg konturane av på same tid i 2019. I mi fredagsforelesning før jul i 2019 sa eg ingenting om dette. Eg tenkte nok ikkje på det som sannsynleg – og det var ingen som sakna det temaet heller.
Interessant nok var eg ikkje den einaste som ikkje såg dette komme. Helseministeren si nyttårstale for 2020 som han heldt 14.1. er også fri for korona. Eg såg i vår rapport for verksemda etter februar 2020 – også den var fri for korona.

Vi var berre delvis førebudde, vi tenkte nok ikkje at dette kunne bli ein realitet slik det har blitt dette året. Eg brukte fredagsforelesninga mi i juni til å oppsummere 10 punkt vi så langt hadde lært av / fått utvida innsikt om gjennom korona. Eg skal ikkje gjenta dette no, men nokre poeng og meir læring vil eg ta med i denne gjennomgangen som og vil handle om andre viktige tema.

Eg var i styremøte sist onsdag. Styret for Helse Bergen er gode folk, samansett med ulik bakgrunn og kompetanse. Dei er dei øverste ansvarlege i Helse Bergen og passar mellom anna på at eg gjer jobben min. Nokre gonger kjenner eg på at styremøte er både ein skriftleg og munnleg eksamen. Denne gongen var det sendt ut fleire hundre sider med saksdokument.

Ein god rapport for verksemda etter november med mykje gode resultat på aktivitet, kvalitet, ressursbruk og ikkje minst styring og balansering av pandemi. Eg kunne stolt legge fram og styret gav gode tilbakemeldingar.

Årleg melding som oppsummerer korleis vi har løyst oppdraget frå HOD og Helse Vest var også med. Godt skreve om ei mengd oppgåver som er godt løyst.
Vi handsama budsjett for 2021. Eit driftsbudsjett på 13,5 mrd.kr. og investeringsbudsjett på 1,6 mrd kr. Det vart ein god diskusjon om rammer, prioriteringar, risiko og viktige satsingsområde. Styret støtta framlegget som vi saman har jobba med heile hausten.

Dei var nøgd med involverande prosessar og peikte på område vi må følgje tett. Dei tilsette kom med eit viktig tillegg i endeleg vedtak. Også her var styret fornøgd.
Tilbakemeldingane på denne «eksamen» var gode. Vi har løyst oppgåvene godt dette året. Vi har møtt covid 19 betre enn førebuingane skulle tilseie. Vi har behandla mange pasientar. Vi har fulgt opp mange studentar. Vi har holdt oppe forskningsaktiviteten. Vi har hatt framdrift på mange prosjekt og program. Tilbakemeldingane frå styret er til alle medarbeidarane. De skapar resultata i Helse Bergen. Gratulerer med gode resultat på denne «eksamen». Og for dei som les dagens BT er det i beste fall ei svært selektiv vinkling av det som var framme i dette møtet. Styret er viktig – dei passar på at vi gjer jobben godt saman. Men det er ikkje den viktigaste eksamen vi står i.

Møtet med

Vår viktigaste eksamen på Haukeland universitetssjukehus det er møtet med pasientane, møtet med brukarane, møtet med pårørande, møtet med studentane. Det er i det møtet vi realiserer våre verdiar og løyser vårt oppdrag. Det er i det møtet vi verkeleg gjer ein forskjell. Så vi har eksamen kvar dag i Helse Bergen. Ja faktisk mange gonger for dag. Eit kvart møte med pasienten, studenten eller brukaren er eit avgjerande møte for den det gjeld.
Difor er det eksamen for oss.
Korleis blir eg møtt? Opplever eg å bli forstått? Kjenner eg meg trygg? Blir eg møtt med respekt? Kan eg kjenne meg ivareteken? Dette er naturlege grunnleggande forventningar i møte med oss. Dette gjeld i poliklinikken, på sengeposten, på fødestova, ute i det ambulante teamet, i ambulansen eller i helikopteret. Basisen for at pasienten kjenner seg trygg er at vi har kompetente og innsiktsfulle medarbeidarar tett på. At vi har system og rutinar som sikrar den faglege kvaliteten. At vi har areal og utstyr som skapar rammer for god behandling. At vi har organisert oss og fordelt oppgåver og ansvar, og skapt gode team rundt pasientane. Dette er vi gode på. Det har vi vist i 2020. Kan vi bli enno betre?

Mange av våre pasientar feilar ikkje berre ein ting. Eller kanskje finn hverken pasient eller helsepersonell ut kva som feilar. Pasienten vert vandrande frå spesialist til spesialist utan å finne svar. Opplever kanskje til slutt å ikkje bli møtt eller forstått.
Eg fekk nyleg være med på ein interessant konsultasjon i prosjektet «Tenester på tvers». Eit spennande samarbeidsprosjekt mellom Barne og Ungdomsklinikken og Psykiatrisk klinikk for Barn og Ungdom. Eg var som ei fluge på veggen. Sat heilt i ro og fekk følge med. Ein gut på 10 år med uspesifikke magesmerter saman med mor og far kom inn døra. Dei møtte ein psykologspesialist, ein fysioterapeut og ein overlege i pediatri / gastro. Ein annleis konsultasjon med tusj og tavle, med opne nysgjerrige spørsmål. Eit tverrfagleg team med innsteg frå ulike vinklingar. Dei var på leit så lenge eg var der, dei var på god veg mot noko tenkjer eg. Eg likte det eg såg. Eg likte det eg høyrde.

Men alle kan ikkje få det slik. Mange treng ikkje ein slik konsultasjon, men dei som har god nytte av det må få møte oss på nye måtar der vi saman leitar og finn. Saman med guten, mor og far. Neste gong er det kanskje ein fastlege med på ein skjerm på veggen der. Kva veit eg? Eller vi hentar inn andre relevante profesjonar i teamet?

Risiko og pasienttryggleik

Er det trygt å være pasient på Haukeland Universitetssjukehus? Det er eit spørsmål vi både har fått, og nokre gonger stilt oss sjølve dette året. Det er eit viktig spørsmål som eg oftare kjem tilbake til. Mitt svar er at det er trygt å være pasient – men det kan bli tryggare.
Eg møtte tilfeldig ein gamal kjenning heime frå Nordfjord i sjukehusparken ein dag. Han var til oppfølgande behandling for alvorleg kreftssjukdom på HUS. Tidlegare fiskar, no dagleg leiar av ei mellomstor bedrift. Ein kar med forteljarkunst langt over gjennomsnittet. På vegen gjennom parken sette han ord på si gode oppleving i møte med oss. Det venlege møtet på poliklinikken, kontaktlege på kreftavdelinga. Innkallingar til rett plass til rett tid. Høgkompetent helsepersonell som møtte han. Han var imponert over logistikk, samspel og møtet vårt med han. Eg var glad og stolt for kva vi får til! Svært mange pasientar opplever dette som han. Dei er godt nøgde og har veldig god grunn til det.

Det er stor risiko forbunde med mykje av aktiviteten på sjukehuset. Vår ambisjon er alltid å redde liv, forlenge liv og betre livskvaliteten. Vi vil gje god diagnostikk, behandling, pleie og oppfølging. Vi har samstundes mykje risiko involvert i det vi gjer. Med cellegift på kreftavdelinga, uavklart tilstand for pasientar i mottak, utagerande pasientar i psykisk helsevern og rusmedisin, titusenvis av kirurgiske inngrep på Voss, HUS og Hagavik, og enorme mengder medikamenthandtering i heile føretaket. Det er mykje risiko for pasienten, og nokre gonger også for tilsette. Nokre få gonger går det ikkje så godt som for den gamle kjenningen min frå Nordfjord. Det blir uønska hendingar, avvik, tilsyn og i verste fall etterforsking.

Eg vil gjerne at vi saman fortset å gjere det endå tryggare å være pasient hos oss ved at vi saman:
- Analyserer og forstår risiko betre.
- Skaper barrierer som hindrar uønska hendingar.
- Skaper ein open kultur for samtalen om risiko og avvik.
- Er opptekne av mellomrom der risiko er – utforske det og avklare ansvar og gjer tiltak.

Eg var på pasientsikkerhetsvisitt på Hode Hals klinikken. Vi snakte om risiko. Det grøne korset låg på bordet – eit aktivt verktøy for den åpne dialogen om pasienttryggleik. Vi snakte om konkrete hendingar og var innom ein situasjon der feil pasient var på veg til operasjon. To pasientar med relativt like namn av utanlandsk opprinning, like personnummer, osv.
Eg oppfatta 2 barrierer som særleg bidrog til å hindre det:
- trygg kirurgi – sjekklista – som no vert brukt på 90% av inngrep i Helse Bergen.
- Ein merkantil som stilte spørsmål – fint – ein som stiller spørsmål – kan dette være rett?

Veldig fint med sjekkliste – den er til for at den skal være ei barriere. Men eg vart og oppteken av spørsmålet frå den merkantile. Det kan vitne om ein open kultur – mulig å stille spørsmål. Det er veldig viktig.

I 2019 hadde vi tre svært ulike alvorlege uønska alvorlege hendingar som hadde eit fellestrekk. Det var viktig informasjon i rommet rundt pasienten som av ulike grunnar ikkje kom fram og vart tatt omsyn til i avgjerd om vidare behandling. Teamet var der, men kunne teamet fungert betre?

Eg veit at det ofte må gå fort og at vi har dårleg tid, men det kan være nyttig for oss og tryggare for pasienten om alle i teamet får spele inn. Den opne kulturen skaper vi saman og leiarane må gå føre med opne spørsmål.

Eg snakkar ikkje om temaet pasienttryggleik og risiko fordi eg ikkje har tillit til at gode medarbeidarane er opptekne av å gjere godt for pasientane og gjere det trygt for pasientane. Eg snakkar om det fordi eg har tillit at vi har same mål om å gjere tenestene endå tryggare for pasientane på HUS.

Innovasjon

Basisen for det vi driv med er oppdatert forskningbasert fagleg kvalitet. Det skal være varemerket på Haukeland Universitetssjukehus. I ei tid der helsetenestene utviklar seg set det nye krav til oss. Digitalisering og ny teknologi opptek meg mykje og er både ei utfordring og ein mulighet.

Måndag denne veka fekk eg prøve meg som programleiar for den digitale åpninga av det nye forskningssenteret for digitale psykiske helsetenester saman med Tine Norgren som er senterleiar. Senteret har fått 183 mill.kr. til ei brei satsing på utvikling av tenestene for brukarar med psykiske helsetenester. Det bygger på e-meistring og Intromat satsingane som vi er i gang med. Dette er innovasjon tett fulgt av forsking på effekt for pasient. Dette er samspel med næringsliv, forskningsmiljø, kommunehelsetenester m.v.

Dette er innovasjon som endrar tenestene våre og som legg til rette for andre møter med brukarane. Kan det være at det er her vi finn åpninga inn på guterommet? Til guten som treng hjelp for å komme vidare og som er ein meister på digitale verktøy men kanskje ikkje meistrar andre deler av livet sitt? Kan det være her vi utviklar teknologi, løysingar og tenester som er virksomme og effektive? Kan det være at det frå dette senteret er stor overføringsverdi både til somatikk og til samhandling med primærhelsetenestene?

Eg har vore innom MMIW med Ingfrid Haldorsen i spissen som er i leigde lokaler på Haraldsplass. Der jobbar vi tett med digitalisering og kunstig intelligens med særleg utgangspunkt i radiologi og visualisering. Samarbeid mellom UiB, HVL, TMS og fleire har tiltrekt internasjonale forskingskapasitetar og innovatørar. Tverrfagleg samarbeid med innsikt frå medisin, informatikk, matematikk m.v. AI som støtte for medisinsk utvikling, AI som kan sette saman enorme informasjonsmengder og støtte diagnostikk har stort potensiale for å forbetre diagnostikk og behandling. Det ligg samstundes nokre klare dilemma. Vi må sjå kva som er muleg og avstemme mot dei dilemma vi vil møte.

Når kunstig intelligens nesten trygt kan styre ein bil kan det vel og hjelpe oss å styre eit sjukehus? Det var mitt spørsmål til dei gode folka på MMIW. Om litt kjem det nok positive svar på det spørsmålet og. Her og er det overføringsverdi til mange fagfelt i sjukehuset. Den nysgjerrige har mykje å glede seg til.

På innovasjonsområdet må vi og nemne innovasjonsprisen i Helse Vest til Ralph Kellmann på Lab-klinikken med ei digital løysing som handterer enorme mengder analysesvar og forenklar og forbetrer handteringa av desse.

Forsking

Forsking skapar håp for framtida sa Svein som eg møtte på ein sjukeheim i Nordfjord for nokre år sidan. Svein var på omtrent på min alder og hadde ALS. Han tok tak i meg fordi han visste kva eg jobba med. Svein sin bodskap var klar og tydeleg. «Kan du få til meir forsking på ALS for det skaper HÅP for dei som kjem etter meg?» Svein døydde i haust av ALS. Dermed er ein av dei som kjempa for å gi andre HÅP borte. Men vi er her. Du som driv forsking eller som legg til rette for forsking er her. Vi kan fortsette med å gi HÅP til dei som kjem etter. Konkret for forsking på ALS er det gledeleg at vi er komne lenger enn nokon gong før. Overlege Ole Bjørn Tysnes fekk i haust 19 mill.kr. til klinisk forsking på ALS som del av NEurosysmed. Det gir HÅP.

Vi har gode tradisjonar for registerforskning på HUS med 18 nasjonale medisinske kvalitetsregistre. Her er mykje gull til framtidig forsking. Vi må nytte dette godt i framtida. Vi fekk ein flott tilvekst i det nye nasjonale intensiv og pandemiregisteret med Eirik Buanes Alnes som leiar.

Vi kan nemne viktig forskning innan ei lang rekke område på HUS. Forskningsprisen i Helse Vest til Pål Njølstad, med forskning på diabetes hos barn. MS-studien på nevroklinikken og Medisinsk klinikk. Norment-studien på psykosepasientar i psykiatrisk klinikk. Hepatitt C forskning i tett samarbeid mellom AFR og medisinsk klinikk. Kreftforskning på Kreftavdelinga og ei rekke andre avdelingar. Ny tildeling denne veka til Arvid Haugen, KSK, m.fl. på pasientens sjekkliste før og etter kirurgi – veldig interessant. Og tildeling til Stig Hartug, FOU, m.fl. med forsking på implementering av nasjonale retningslinjer i primær og spesialisthelsetenester. Eg kunne nemnt mange fleire.
Eg sit på kontoret og klappar i hendene kvar gong vi tek eit steg vidare med pasientnær forskning som gjev nytt Håp for pasientane.

Leiinga si rolle er å legge til rette for, skape rammer og motivere for vidare satsing. Vi har i år fått på plass avtale med UiB om vertsinstitusjonsrollen, vi har store infrastrukturprosjekt på gang for forskning med protonterapi og ny Ex-vivo lab. Dette er prosjekt som legg til rette og peikar framover mot forsking som det skal komme meir av. Vi må løfte oss på den nasjonale arena. Vinne fram i søknadsprosessar og skape nasjonalt og internasjonalt samarbeid. Forutsetninga for det er mellom anna at vi får til samarbeid lokalt og regionalt.

Brukarane

I forsking, innovasjon og forbetringsarbeidet er brukarane dei vi må gje meir merksemd. Brukarutvalet, ungdomsrådet, erfaringspanel og erfaringskonsulentar er stemmer vi må gje plass. Dei kan ofte stille dei spørsmåla vi ikkje har tenkt på. Dei kjenner tenestene våre frå ei heilt vesentleg side. Dei kan komme med svar på spørsmål vi ikkje viste om. Brukarstemma må systematiserast og involverast og den må få rom i møte med den einskilde brukar.

«Her er eg endeleg i sentrum for mi eiga behandling», sa brukaren med lang ruserfaring som eg møtte i Avdeling for Rusmedisin i Klokkarvik i haust. Ei strålande tilbakemelding. Vi må være nysgjerrige på hans og andre sine erfaringar og kva vi kan lære av dei.
Brukarane vil og være sentrale drivarar og premissleverandørar i den digitale utviklinga. Her tenkjer eg både pasientar og tilsette som brukarar som må få større rom og plass i utviklinga av dei digitale løysingane. Digitale verktøy skal støtte god fagleg praksis og pasienttryggleik i tenestene. I 2021 skal vi mellom anna inn med Dips Arena i heile sjukehuset, nye løysingar frå Alle møter skal implementerast og på hausten skal nytt økonomi, innkjøp og logistikksystem Libra takast i bruk. Dette krev god førebuing, mykje involvering og godt samspel for å lukkast.

Studentane

Eg har møtt studentar som har vore lenge på hybelen, studentar som har kome heim frå utlandet etter praksis. Studentar sett i karantene på grunn av smitte den dagen dei var på deltidsjobben sin. Studentar som er leie av isolasjon og som likar dårleg å være dei som vert skulda for å ha smitta andre.
Studentane er framtida vår. Studentane er dei som kjem etter oss.
Vi skal utdanne og utvikle, vi skal rettleie og undervise. Eg er så glad for at vi også har gjort dette i covid 19 året. Vi har holdt studentane inne sjølv om risikoen for smitte aukar når vi er mange.

Vi skal fortsette å ta vare på studentane – dei er framtida!
Vi skal også bygge kompetanse mellom eigne ansatte. Nye
spesialsjukpleiarar skal utdannast. Vi skal mellom anna sikre kompetanse inn i den auka satsinga på intensiv og overvakingskapasitet. Satsinga på helsefagarbeidarar skal følgast opp. Vi skal vidareutvikle LIS-utdanningane slik at vi sikrar etterveksten av spesialistar. Her er mange fleire og – merkantile, den store sjukepleiargruppa, terapeutane og så vidare som vi skal utvikle kompetanse hos. Regionsjukehuset skal ha eit særs høgt nivå som kan trygge dei pasientane som særleg treng oss.

Pandemi

Det er liten tvil om at pandemien har sett sitt sterke preg på dette året. Den har utfordra oss som individ, sjukehusorganisasjon, lokalsamfunn, nasjonalt og globalt. Den har sett oss på prøve og hatt store konsekvensar for veldig mange.
I fredagsforelesninga mi til sommaren brukte eg heile forelesninga til å oppsumerte med 10 læringspunkt. Denne gongen hentar eg ut våre felles avslutningspunkt i vår fyrste tilbakemelding til koronakommisjonen.

Koronakommisjonen skal evaluere og vurdere mellom anna vår innsats. Vi har levert vår fyrste leveranse over 14 sider.

Eg hentar her fram vår avsluttande kommentar:

Store delar av dette året har vært prega av koronapandemien. DSB sitt nasjonale risikobilde viser at influensapandemi er den hendinga som har høgast risiko. Helsetenesta sine eigne analyser er også at dette er den hendinga som i størst grad kan utfordre kapasiteten til å yte helse- og omsorgstjenester. Det har dette året vist oss.

Vi vil til slutt trekke fram dei viktigaste læringspunktene for Helse Bergen dette året.

1. Verdien av å planlegge – og replanlegge
Pandemien har lært oss behov for å ha eit gjennomarbeid og detaljert planverk, der brei involvering i utarbeiding med nok tid er nødvendig. Planverk må oppdaterast regelmessig og særskilt ved omorganiseringar/omstruktureringar i sjukehuset.
Videre har pandemien vist betydninga av å gjere raske justeringer og tilpasninger i planverket ved behov. Sjukehuset har ei dynamisk tilnærming der vi til ei kvar tid gjer vurderinger av situasjonen og fatter beslutninger som har vore kritisk for sjukehuset sin evne til å håndtere pandemien.

2. Verdien av tillitsbasert leiing i krise
Styring av ei stor og kompleks verksemd som Helse Bergen er krevande under normale omstende, men blir ytterlige utfordra i krise. Leiing i Helse Bergen har vore tufta på tillit, åpenhet og involvering. Pandemien har vist oss at vi kunne handle raskt basert på eit faglig fundament, det være seg forhold knytta til forsyning, smittevern, pasientflyt med vidare. Dette krev evne til å lytte og agere på signal som kjem fra organisasjonen der tillitsvalgte og vernetjenesten har ei særs sentral rolle. Samtidig må vi balansere sentral styring og delegering av fullmakter for å gjere organisasjon i stand til å effektuere beslutningar.

3. Verdien av god kommunikasjon
Behovet for informasjon er umetteleg i en pandemi. Det vart tidlig avdekka utfordringer med å nå heilt ut til alle medarbeiderne og det vart lagt stor vekt på å forbedre informasjonsflyten i sjukehuset. God kommunikasjon bidreg til å trygge medarbeiderne i en krevende situasjon som utvikla seg raskt. Vernetjenesta og tillitsvalgte spelte ei viktig rolle i å bidra til informasjonsflyt. Dette må vi bygge vidare på.

4. Verdien av å jobbe med systematisk forbedring
Denne situasjonen har vist oss at det er viktig å være proaktiv og jobbe systematisk med forbedring i alle deler av verksemda. På nokre område ser vi at vi ikkje var godt nok førebudd då pandemien inntraff. Det gjeld til dømes innenfor områda forsyning og intensivkapasitet. Dette jobber vi med å forbedre og vi må gjennom ein systematisk tilnærming sikre at endringa blir varig.

5. Verdien av god samhandling med kommunane
Kommunane har gjort en formidabel innsats, og ei velfungerande primærhelseteneste har vært nøkkelen til at koronapandemien har vært handterleg for sjukehusa. Ved å ha godt avtaleverk og bygge videre på eksisterende samhandlingsstrukturar har vi gjennom pandemien lukkast med å behandle rett pasient på rett nivå.

Til slutt har vi med kursiv skreve: Vi vil framheve alle dei 13000 medarbeidarane i Helse Bergen som har stilt opp gjennom heile denne perioden. Gjensidig fleksibilitet både hos medarbeidarane og leiinga har skapt positivitet, innsats og velvilje i håndteringa av pandemien.

Pandemien har treft alle, men og treft ulikt. Nokre har jobba med smitta pasientar i ambulansen, i mottak, på medisinsk klinikk, på intensiv og i andre klinikkar. Dei har stått heilt i fronten og gjort ein viktig jobb. Andre har jobba med smittevern, sporing, prøvetaking og forsyning. Analyseaktiveten har vore imponerande. Nokre utvikla pandemiplan til eit heilt nytt nivå, og det vart full skala øving av intensiv i gymsalen. Atter andre tok ansvar for opplæring, simulering eller skapte raske løysingar på IKT og video. Alle einingar har løfta seg på smittevern og holdt høgt nivå på interne rutiner. Randi-Luise har stått i fronten for samhandling som vi har lukkast så godt med. Leiarar på alle nivå har vore fleksible og vist vilje og evne. Eg har vore imponert.

Vi er framleis i ein pandemi og skal stå i den også i ein stor del av 2021. Då er desse poenga og alle medarbeidarane viktige å ha med. I den fasen vi no går inn i vert vaksinering eit nytt og viktig moment. Vi hadde ei flott fagleg fredagsforelesning om dette for 2 veker sidan. Om vaksinekandidatar, utviklingsprosess, prioriteringsprinsipp, trygg logistikk og gjennomføring. Det er viktig å bygge tillit til vaksinen og arbeidet med den. Det har vi kompetente fagfolk til. Dei vil vi gjerne også dele med fleire.

Vi ser ikkje enno om det kjem fram nye eller auka behov for tenester i forlenging av pandemien. Isolasjon, einsemd, arbeidsløyse, ein del utsette barn og unge som truleg har hatt særs krevande dagar denne tida. Kva har dei behov for? Vi har for tida knapp kapasitet til dei alvorleg sjuke i vaksen psykiatrien med korridorsenger. Her har vi planar og tiltak som må ha høg prioritet i 2021. Men kan behova her bli større enn vi har tenkt? Og vi må ruste oss til å møte særs sårbare barn og unge når vi kan bety ein forskjell.
Vaksinen gjev håp og tru på året som kjem samstundes som vi må førebu oss på å balansere mellom å handtere covid 19, behandle pasientar og oppretthalde motivasjon og godt arbeidsmiljø.

Vår daglege eksamen i møtet med pasientane, brukarane og studentane er den viktigaste. Det er her vi realiserer kjernen i oppdraget vårt og skaper trygge og gode helsetenester.

Ein føresetnad for å lukkast med dette er at vi lukkast med ein annan dagleg eksamen. Vår evne å møte kvarandre på ein open og god måte.

Det gledar meg veldig at vi dette året har fått sterke tilbakemeldingar frå reinhaldarane våre om at dei kjenner seg sett og verdsett for den viktige jobben dei gjer. Heilt motsett av kva vi forventa har sjukefråværet gått ned i denne gruppa under pandemien. Vi har ikkje påvist ein direkte samanheng her, men det er særs sannsynleg at det å bli sett og verdsett er det sentrale og viktige elementet.

Med utgangspunkt i denne gruppa vil eg understreke at det er viktig å bli sett, det er viktig å bli møtt. Det er viktig å skape ein kultur der alle våre gode medarbeidarar har ei stemme og eit bidrag i det daglige arbeidet med å gjere godt for pasientane og utvikle dette vidare. Dette er ekstra viktig i krevande tider.

Avslutningsvis må eg takke tillitsvalde som såg leiinga midt i denne krevande tida. Vi fekk den nasjonale arbeidsgjevarprisen frå fagforeininga Delta med god støtte frå dei andre tillitsvalde i Helse Bergen. Prisen er dette kunstverket som heiter BALANSE. Grunngjevinga er sterk og klar og forpliktar oss. Vi set stor pris på å bli sett – vi og!
Og vi vil gjerne halde BALANSEN saman med tillitsvalde, verneombod og medarbeidarar også i året som kjem.

Så tusen takk til deg for din innsats i pandemiåret. Takk for at du har stått på for pasientane, studentane, forskinga og kollegene. Takk for alt du har tålt og takk for at du har tatt eit tak for dette laget.

Eg vil avslutte med å gi dykk ei visuell helsing.
Katrine Sunde jobbar halvt som kritisk personell som intensivsykepleier og halvt stab som fotograf på kommunikasjon.
Vært tett på, både som sykepleier og fotograf
Behandla pasientar - men også vist Norge innsiden under pandemien.
Her kjem nokre av hennar flotte bilete redigert saman av Aleksander Valestrand.

Eg ynskjer alle ei velsigna god jul og eit nytt år der vi kan gje kvarande ei god hand eller ein god klem!

God jul frå Haukeland from Haukeland University Hospital on Vimeo.