Fortsatt pause for vaksinering med AstraZeneca

FHI har bestemt at pausen for vaksinering med AstraZeneca skal fortsette. Sammenhengen mellom vaksinen og blodpropp/blødningtilstand skal undersøkes vidare før ein endeleg konklusjon.

Det betyr at vegen vidare fortsatt ikkje er bestemt, og at det heller ikkje finst ein plan for dei som har fått 1. dose med AstraZeneca.
 
- Vi skal vere glade for at norske myndigheiter tar den tida som trengs for å finne svar på kor trygg vaksinen er for oss. Det meiner eg er med å skape tillit til vaksinasjonsprogrammet her i landet. Så forstår eg at nokon av våre tilsette som er vaksinerte med AstraZeneca kan føle på uro, båe for eiga helse, og for kva som skal skje med dose nummer to. Vi tar deira bekymring på alvor, men kan ikkje gjere anna enn å vente på ein avklaring frå øvste hold, seier administrerande direktør Eivind Hansen.
 
Alle tilsette som er vaksinerte oppmodast om å melde eventuelle uventa biverknader til vaksinebivirkning@helse-bergen.no.
Send informasjon om kva bivirknader du har hatt eller fortsatt opplever og varigheit av desse (dato for start - og slutt, ev. om dei vedvarar). Skriv også om du sjølv har meldt inn biverknadane, og hvis ikkje, vil BHT melde dei for deg. 

Er du vaksinert med AstraZeneca og er uroa, kan du ringe bedriftshelsetenesta ved Trude Duelien Skorge (telefon  90 95 75 77 ) eller Liv Heiberg Okkenhaug (telefon  97 67 11 24 ) mellom kl. 09.00-15.00 måndag til fredag.  
 
- Det er viktig å presisere at hvis du treng undersøking eller oppfølging, må du ta kontakt med fastlege eller legevakt, og dersom du opplever akutte og alvorlege symptom som krev hjelp omgåande, ta kontakt med legevakt eller AMK, seier bedriftslege Trude Duelien Skorge.