Fare for busstreik søndag

Blir det brot i meklinga i årets lønsoppgjer kan det bli busstreik frå søndag morgon av. Sjukehuset førebur ulike tiltak for å bøte på konsekvensane, men det er viktig at leiarar sikrar bemanninga og at tilsette hugsar at dei sjølv er ansvarlege for å komme seg til jobb.

- Streik er eit lovleg verkemiddel som vi sjølvsagt respekterer, seier administrerande direktør Eivind Hansen, som og understrekar at sjukehuset må ta seg av pasientane sjølv om det blir streik innan offentleg transport.

Blir det streik vil den starte søndag morgon. Sjukehuset er klar med følgande tiltak i tilfelle streik:

I helga vil det være gratis parkering ved:
- Sentralblokka
- Hovedområdet - parken
- Psykiatrisk klinikk – Sandviken
 
I tillegg er det tilgjengelige midlertidige parkeringsplassar i
Johan Blytts vei og på Haukelandsmyren.
 
Kontakt
Drift-teknisk kundesenter ved spørsmål om parkering

Bysyklar og  el- sparkesyklar
Sjukehuset er i dialog med kommunen om å få fleire bysyklar til sjukehusområdet og tillegg skal det leggast til rette for parkering av el-sparkesyklar. Tilsette kan ved behov få tilbud om overnatting i helga ved pasienthotellet
etter avtale med Nivå 2.


God dialog er viktig
 - Ein streik vil bli krevande for oss, seier Eivind Hansen. - Det aller viktigaste er at det er god dialog mellom leiarar og tilsette slik at ein saman kan finne fleksible løysingar.