Besøk, skalsikring og bruk av munnbind

Frå mandag 22. februar er dei strengaste restriksjonane ved sjukehuset oppheva.  

​Skalsikring og besøksstopp er no oppheva, og vi går tilbake til vanlege besøksrestriksjonar. Dette inneber blant anna at alle besøk skal avtalast med aktuell avdeling. 

Bruk av munnbind i pandemien

Helsepersonell skal i hovudsak bruke munnbind på same måte som før pandemien:

  • i kontakt med pasient som er isolert etter retningslinjene for dråpesmitte
  • i kontakt med pasient der vi mistenker smittsam sjukdom frå luftvegane (dråpesmitte)
  • ved prosedyrer der det er risiko for sprut av blod, vevsvæsker, luftvegssekret og infisert materiale (uavhengig av mistanke om smitte eller ikke)

I tillegg er retningslinja for utvida bruk av munnbind under pandemiem fortsatt gjeldande. 


Pasienter, pårørande og besøkande føl FHI sine anbefalingar 

For pasienter, pårørande og besøkande gjeld Folkehelseinstituttet sine generelle anbefalingar om bruk av munnbind i offentlige rom. Ein er oppmoda om å bruke munnbind i stuasjoner der ein ikkje kan halde ein meters avstand, men det er ikkje noko påbod. ​