Det er Helse Bergen sitt ansvar å sørge for at helsetenester blir gitt på forsvarleg vis, herunder å beskytte pasientar og tilsette mot smittefare.
Vaksinering er frivillig. Ingen tilsette i Helse Bergen skal tvingast til å ta vaksine mot covid-19 eller influensa. Det betyr likevel ikkje at det er akseptabelt å utsetje pasientar og andre for smitterisiko på jobben. Leiinga har difor gitt ei sterk anbefaling til alle tilsette om å la seg vaksinere mot begge sjukdommar. Dette både for å beskytte pasientar mot smitte, og å beskytte tilsette mot smitte og alvorleg sjukdom.
Helse Bergen vil redusere sannsynet for at tilsette skal smitte pasientar eller kollegaar så langt som mogleg. Det kan bety at den enkelte lokale leiar har behov for å kartlegge vaksinasjonsstatus blant sine medarbeidarar, og eventuelt vurdere risiko og tiltak kring den enkelte uvaksinerte medarbeidaren. Tilsette som ikkje ønsker å oppgi vaksinasjonsstatus, må ein sjå på som uvaksinerte. Helsedirektoratet har gitt nasjonale retningslinjer for dette.
Omplassering eller forsterka smitteverntiltak (regelmessig testing, forsterka bruk av munnbind og anna personleg smittevernutstyr) kan vere aktuelt for tilsette som ikkje ønsker å la seg vaksinere, der ein ser det naudsynt ut frå arbeidsgivars konkrete risikovurdering.
Forsterka tiltak overfor uvaksinerte tilsette kan vere mest aktuelt i tenester som gjeld sårbare pasientgrupper.
Elles er det viktig at alle tilsette i Helse Bergen er kjende med og følgjer gjeldande råd og anbefalingar, inkludert basal hygiene, ver heime-når-sjuk, test deg ved symptom (sjølv om du er vaksinert) etc. Sjølv om vi er vaksinerte, kan vi bli smitta og smitte vidare. I mange tilfelle kan det vere grunnlag for generelle forsterka tiltak for alle tilsette, heller enn å skilje mellom vaksinerte og uvaksinerte.
Vaksinasjonstilbodet i Helse Bergen er lett tilgjengeleg med tilbod om vaksinasjon i arbeidstida både mot covid-19 og influensa, sjå nærmare informasjon på Innsiden og
Tilsettsiden på helse-bergen.no.
Oppsummering av framgangsmåte ved omplassering eller forsterka smitteverntiltak:
- Arbeidsgivar må i samarbeid med tillitsvalde og tilsette kartlegge og risikovurdere kva smitteverntiltak som er naudsynt og om «alminnelege» smitteverntiltak er tilstrekkelege.
- Dersom alminnelege smitteverntiltak ikkje er tilstrekkeleg, kan arbeidsgivar vurdere om ein skal hente inn vaksinasjonsstatus.
- Før beslutninga frå arbeidsgivar om å innhente status blir tatt, skal ein drøfte tiltaket med tillitsvalde.
- Etter drøftinga, og dersom arbeidsgivar framleis meiner at opplysningar om vaksinasjonsstatus er strengt naudsynt, kan arbeidsgivar beslutte innhenting. Innhenting av vaksinasjonsstatus, og ev. forsterka tiltak overfor uvaksinerte, skal jamleg bli evaluert for å sikre at behovet er til stades. Tiltaka blir avslutta når behovet ikkje lenger er til stades.
Informasjon om tiltak vedr. uvaksinerte tilsette i Helse Bergen, med utgangspunkt i dette brevet frå Hdir 21.10.2021:
Arbeidsgiveres ansvar og mulighetsrom overfor ansatte som ikke ønsker å la seg vaksinere.pdf (helsedirektoratet.no)