HELSENORGE
foto av hånd med hanske hilser på hånd uten hanske

Koronavirus - informasjon til tilsette

På denne nettsida har vi samla koronarelatert informasjon som gjeld tilsette i Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen.


​Informasjon for tilsette i Helse Bergen frå A-Å

Besøk i sjukehuset

Dei som skal på besøk på sjukehuset, må gjere seg kjent med rutinar som gjeld for besøk.

Gravide tilsette og vaksinasjon


Fullvaksinert helsepersonell vil ha effektiv vern gjennom vaksinen og ved at dei bruker anbefalt personlig beskyttelsesutstyr, og kan jobbe som vanlig.
For uvaksinert og delvaksinert helsepersonell som er gravide, er det anbefalt at anna helsepersonell tar prøver av og behandler pasientar med sannsynlig, mistenkt eller påvist covid-19, så langt det er mogeleg.

Uvaksinerte gravide i vaktteam kan fortsette i vaktarbeid og ta imot ØH-pasientar, så lenge andre i vaktteamet kan overta arbeidsoppgåvene knytta til mistenkte eller påviste Covid-19 pasientar. Dette må bli vurdert ut ifrå kva for vaktteam dei går i.

For helsepersonell som er gravide og som i samstundes har svangerskapskomplikasjoner eller kroniske sjukdommar som kan være forbundet med auka risiko for alvorleg forløp av covid-19, anbefaler ein omplassering til andre arbeidsoppgåver eller heimekontor vurdert ut fra individuell risiko. Dette gjeld uavhengig av vaksinasjonsstatus.

Det vert framleis anbefalt å gjere ein individuell risikovurdering for kvar enkelt gravid ved at det gjennomført ein trepartsamtale med bedriftsjordmor.

Kontakt Bedriftshelsetenesta om dette.​​

Kurs og undervisning

Testing​​ av tilsette

Ein kan fortsatt teste seg for covid-19, men det er ikkje lenger en generell anmoding. 

Tilsette som ønsker eller treng ta PCR-test kan nytte kommunal teststasjon eller ta PCR-test på eigen avdeling. Tilsette kan også nytte antigen hurtigtestar. Om du skal på jobbreise og treng PCR-test kan du kontakte Bedriftshelsetenesten for bistand.

For personar som nyleg har gjennomgått covid-19 kan PCR-resultat vere vanskeleg å vurdere fordi PCR-test kan forbli positiv i opptil 12 veker. Du bør derfor ikkje ta ny covid-19-test før det har gått minst tre månader etter gjennomgått sjukdom med mindre det føreligg sterk klinisk mistanke om re-infeksjon. FHI: Reinfeksjon med koronaviruset SARS-CoV-2


Generelt gjeld: «Hald deg heime ved nyoppståtte luftveissymptom om du føler deg sjuk. Du bør bli heime til formen er god. Restsymptomar som rennande nase, snørr, heshet og nokke hoste er greitt.» 


Testresultat
Testresultatet vert formidla direkte til personen som er testa via helsenorge.no

Tilsette som testar positivt blir bedt om å melde frå til eigen leiar så snart som mogeleg for å kunne vurdere om smittesporing i sjukehuset er nødvendig; sjå Smittesporing og oppfølging i sjukehus ved bekrefta positiv pasient/tilsett/student/besøkende Covid-19

Råd om å vere heime i 4 døgn etter symptomstart er oppheva, men symptom bør vere avtakande og allmenntilstanden tilsei at ein er arbeidsfør før ein kjem tilbake til arbeid.

Når tilsette kjem tilbake til arbeid skal dei følgje basale rutinar for smittevern og ved restsymptomar bør den tilsette bruke munnbind i pasientnært arbeid.

Mistenker du at du har blitt smitta på jobb skal dette meldes i Synergi, og du eller din leiar må melde frå til Bedriftshelsetenesten.


Antigen-hurtigtest/sjølvtest
Tilsette kan bruke antigen hurtigtestar/sjølvtestar om dei ønsker å teste seg for covid-19. Disse deles fortsatt ut på kommunal teststasjon, eller ein kan få testar via eigen avdeling. 

PCR-testing på ansatte på einingar

Avdelingane kan ta PCR-testar på eigne tilsette og bruke BHT som rekvirent (papirrekvisisjon). 

· Finn eit egna stad for å utføre prøvetakinga.
· Bruk munnbind og visir ved testing. Husk god handhygiene før og etter test er tatt. 
· Bruk BHT som rekvirent på rekvisisjonen og skriv «Covid-19 test av ansatt» under kliniske opplysningar. 
· Hugs og å fylle inn namn og nummer, type prøve (halsprøve) + dato/tidspunkt for når prøven er tatt. 
· Bruk riktig testutstyr (virustransportmedium med rød kork). Prøveglaset MÅ merkes med namn og nummer!
· Bestill portør for levering av prøven til MIA i 2. etg i lab-bygget (leg​ges i kjøleskap). 
 

Risikogrupper blant tilsette

​Tilsette i risikogrupper skal bli skjema frå eksponering av covid-19

– Sjukehuset skal strekje seg langt for å skjerme tilsette som høyrer til under risikogruppene mot eksponering for koronasmitte, det vil seie å jobbe med pasientar med mogeleg covid-19 sykdom og/eller i avdelingar med høg smitterisiko, seier vår bedriftslege Trude Duelien Skorge.


Helse Bergen følger Folkehelseinstituttet si oppmoding for tilsette som tilhøyrer risikogrupper.
 
  • Når personar i risikogrupper er fullvaksinerte, vil dei i stor grad vere verna mot SARS-CoV-2-sykdom og alvorleg sjukdomsforløp.
  • For helsepersonell med pasientkontakt bør personell som tilhøyrer risikogrupper framleis bli skjerma mot kontakt med covid-19 positive pasientar og pasientar der det er mistanke om dette, sjølv om dei er vaksinerte. Her må det gjerast ei individuell vurdering.
  • For andre tilsette som høyrer til risikogrupper kan det tross av at de er vaksinert vere nødvendig med skjerming mot smitte basert på ei individuell risikovurdering.
  • Uvaksinerte og delvaksinerte tilsette i​ risikogrupper må framleis skjermast mot smitte basert på individuelle vurderinger.
  • Bedriftshelsetenesta kan bistå i risikovurderinger. 
Oppdater​t retningslinje i EK basert på FHI sine råd.

Sjukemeldingar

Du har rett til sjukemelding viss ein lege vurderer at du må haldast isolert fordi du kan vere smitta av koronaviruset. Dette gjeld også hvis legen ikkje veit sikkert om du faktisk er smittebærar. NAV kan godta sjukemelding utan personleg undersøking når det gjeld smittsam sjukdom av betyding for folkehelsa.

NAV: Sykepenger ved fravær grunnet koronavirus

Smitteverntiltak i sjukehuset

Råd som gjeld den generelle befolkninga og råd som gjeld i helsetenesta er ikkje dei same. Helsetenesta har eigne forskrifter og eigne anbefalingar som er nedfelt i Helse Bergen sitt infeksjonskontrollprogram (Smittevernhandboka i EK).

Les meir om tiltak i sjukehuset

Studentar

Studenter er omfatta av dei samme retningslinjene som helsepersonell og skal følgje samme reglar fra Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet.​

Vaksinasjon av tilsette

Helse Bergen tilbyr ikke covid-19 vaksinering av tilsette. Alle tilsette i Helse Bergen som endå ikkje har fått vaksine mot covid-19 eller sjølv ønsker ein oppfriskingsdose før årets sesong (haust/vinter 2022), kan vel å ta dette etter eiget ønske. Dei må i då nytte kommunen sitt vaksinasjonstilbod.​ 

Les meir om vaksinasjon av tilsette

Fann du det du leita etter?