HELSENORGE
Koronavirus

Framleis tiltak i sjukehuset

Smittepresset i samfunnet rundt oss avtar og det er ikkje lenger smittevernfagleg grunnlag for å tilrå bruk av munnbind i all kontakt med pasientar. Dette er i tråd med FHI sine oppdaterte råd til spesialisthelsetenesta om å gå tilbake til normal drift og følge sine lokale infeksjonskontrollprogram.


Regjeringa har også lansert ein langsiktig nasjonal koronastrategi Langsiktig koronastrategi  for å normalisera korleis vi forheld oss til og handterer covid-19. Vi har høg vaksinasjonsgrad både blant pasientar og tilsette og mange har gjennomgått infeksjon. Det betyr at befolkninga i stor grad er beskytta mot alvorleg sjukdom, og det er derfor mindre behov for forsterka tiltak for å avgrense smitte.

Korleis brukar helsepersonell munnbind framover?

Munnbind er eit effektivt smitteverntiltak gitt at ein brukar det på rett måte og til rett tid. Munnbind skal etter retningslinje nyttast ved stell og pleie av isolerte pasientar, samt ved prosedyrer der det kan oppstå sprut og søl av kroppsvæsker (basale smittevernrutiner). Det er ikkje lenger ei overordne anbefaling for tilsette om bruk av munnbind i all pasientkontakt. Sjølv om retningslinja for forsterka bruk av munnbind er tatt bort fom. 07.04.22 skal vi halde fram med individuelle vurderinger rundt bruk av munnbind og anna beskyttelsesutstyr. Tilsette som har restsymptom etter gjennomgått covid-19 eller andre luftvegsinfeksjonar bør, i tråd med basale smittevernrutiner, framleis bruke munnbind ved nær kontakt med pasientar. Tilsette som har smitte i husstanden bør også bruke munnbind ved nær kontakt med pasientar i 5 døgn etter siste eksponering.

Pasientar og besøkande og munnbind

Det er ikkje lenger ei overordna nasjonal anbefaling om bruk av munnbind for pasientar som skal til poliklinisk time. Det same gjeld ledsager og besøkande i sjukehuset. Dei som ønskjer munnbind kan sjølvsagt framleis bruke det.

Testing og is​olering

Pasientar som blir innlagt i sjukehus med luftvegssymptom skal testast og isolerast, og pasientar med kjent smitte i husstanden bør også dråpesmitteisolerast:

​Koronavirus SARS-CoV-2 - Håndtering av pasient i sykehus (EK)​
Det vil også vera situasjonar i sjukehuset der smittesporing er nødvendig, sjølv om smittesporing er avvikla ute i samfunnet. Dette gjeld spesielt når pasientar testar positivt. Vi må framleis førebygge utbrot i sjukehus, sikre drift og beskytte pasientane våre mot smitteoverføring inne i sjukehus.

Råd om å vera heime i 4 døgn etter koronasmitte er oppheva

Tilsette kan kome på arbeid når dei føler seg friske og i stand til å gå på jobb. Vi følgjer FHI sin anbefaling; Nyoppståtte luftveissymptomer

«Hald deg heime ved nyoppståtte luftvegssymptomar dersom du føler deg sjuk. Du bør bli heime til du føler deg bra. Restsymptomar som rennande nase, snørr, heshet og noko hoste er greitt.»

EK står over generelle reglar for befolkninga

Tilsette i Helse Bergen skal t​il ei kvar tid forholde seg til gjeldande overordna retningslinjer i EK, uavhengig av kva reglar som gjeld for den generelle befolkninga. Kvar gong det kjem nye nasjonale oppdateringer og råd som gjeld helsetenesta vil Helse Bergen straks oppdatere interne retningslinjer tilsvarande: 

Ansatte i Helse Bergen som er definert som nærkontakt Covid-19 (EK)

Smittesporing og oppfølging i sykehus ved bekreftet positiv pasient / ansatt / student / besøkende Covid-19 (EK)