Er du pasient med nedsett immunforsvar?

Koronavirus

Informasjon til pasientar som har immunsvikt eller som får medisinar som dempar immunforsvaret. 

  • Pasientar som har immunsvikt eller som får immunsupprimerande behandling skal følgje vanlege retningslinjer for tilstanden sin. Det er ingen grunn til spesielle tiltak for personar som ikkje har symptom.
    Vaner som førebygger smitte gjeld alltid.
  • Pasientar som får immunsupprimerande behandling skal ikkje gjere endringar i behandlinga utan å ha konferert med lege om det.
  • Pasientar som nyleg har vore i område med vedvareade spreiing av koronaviruset, bør utsette planlagt kontroll ved sjukehuset i to veker så sant kontrollen ikkje hastar. Dei bør eventuelt konferere med lege om dette.
  • Pasientar som mistenker at dei er sjuke med det nye koronaviruset skal ringe fastlegen sin eller ringe legevakt på telefon 116117.
  • For personar som nyleg har vore i område med vedvarande spreiing av koronaviruset, eller har hatt nærkontakt med personar som har påvist smitte av koronavirus, bør behandlande lege vurdere om oppstart av immunsupprimerande behandling kan utsetjast i 14 dagar etter siste moglegee smitteeksponering.

 

Elles viser vi til råd til befolkninga som er gitt på Folkehelseinstituttet sine sider https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/